Klokka er 05.50 og Evy Beiermann (61) har tatt oppstilling i ferjekøa på Hareid. Vanlegvis brukar ho å køyre saman med fire andre, men denne dagen har ho eit ærend etter arbeid, og køyrer derfor åleine. Ho har hatt arbeidet sitt på Utgård Mestermøbler og Ekornes på Hareid i over 30 år. I juni i fjor kom meldinga om at fabrikken på Hareid skulle leggjast ned, og at arbeidsplassen frå januar 2017 ville bli i Sykkylven. På Hareid var det då om lag 70 tilsette. Nokre gjekk av med AFP, nokre fekk seg anna arbeid. Ca. 40 har sidan januar pendla til Sykkylven. 40 km og to ferjer borte - ein veg.

Bak henne i ferjekøa har det no samla seg fleire bilar med folk som skal til Ekornes i Sykkylven, og andre kjem småspringande over parkeringsplassen med stø kurs rett mot «Høgsfjord».

Kvinnene som pendlar finn straks vegen mot ferjesalongen, og der er det fram med matpakkar, kaffikrus og strikketøy. Ragnhild Apelseth, som er avdelingstillitsvald på saumavdelinga, har no begynt på sin fjerde duk i kunststrikking. Andre produserer genserar, sjal og vottar på veg over Sulafjorden.

– Før vi byrja å pendle snakka leiinga både om å setje opp båt frå Hareid – eller buss frå Sulesund, men begge deler vart så dyrt at det ikkje vart noko av det, fortel Oddrun Hatløy Fjørtoft.

Løysinga vart eigne bilar, og kompiskøyring.

Men det er ein kamp om minutt for å kome fram til Aure i Sykkylven innan klokka 07.00. Eit par minutt over, og det blir trekk i lønna.

Har fått nei til kortare matpause

– Vi har prøvd å forhandle om kortare matpause, slik at vi skal sleppe å få trekk i lønna, men leiinga seier nei, fortel Ragnhild Apelseth.

I eit par veker har det gått berre to ferjer i sambandet Hareid-Sulesund, og det gjer marginane endå mindre for pendlarane.

Dei kjem ofte nokre minutt for seint på jobb, og dei får problem også på returen.

Arbeidsdagen er slutt klokka 15.35. Då er det å hive seg i bilane for å nå ferja på Aursnes. Ho kjem til Magerholm klokka 15.50, og då er det ferja klokka 16.30 frå Sulesund som er målet.

– Spesielt når det går berre to ferjer, blir bilkøen lang. Då spring dei som ikkje køyrer om bord og då hender det at sjåføren blir sitjande att på Sulesund åleine. Trasig, for arbeidsdagen er lang nok som han er, kommenterer Bettina Vattøy.

På vegen over mot Sulesund er det fleire av pendlarane som meir enn antydar til journalisten at dei synest det er stivbeint av leiinga ved Ekornes på Aure å ikkje kunne gi pendlarane litt kortare matpause for åt ta igjen minutta dei kjem for seint om morgonen.

Fabrikkanlegget til Ekornes på Hareid hadde moderne produksjonsliner, og det meste av det 10.000 kvadratmeter store bygget var på ei flate.

– Vi vart overraska då vi kom inn til Aure og oppdaga kor mykje meir umoderne her er. Produksjonen går føre seg over tre etasjar, og alt er meir nedslite, kommenterer Oddrun Hatløy Fjørtoft.

Ho forstår argumenta til leiinga om at det er effektivt å samle meir av produksjonen på ein stad, men held fast på at Ekornes Hareid var ein fabrikk med mykje betre fasilitetar.

Klokka 06.20 byrjar «Høgsfjord» å nærme seg Sulesund, og strikketøy og kaffikoppar blir raskt pakka saman. No gjeld det å kome seg i bilane raskast råd, med kurs mot neste ferje på Magerholm.

- Vi lever eit ekstremliv

– Vi lever eit ekstremliv. Stresset er to ferjer. Hadde det vore berre ei, så hadde det ikkje vore så gale, men to er ei for mykje, kommenterer Gry Gjerde på veg over ferjedekket.

Ingen av dei om lag 40 tilsette som sidan januar har pendla til Sykkylven har førebels sagt opp. Men i alle fall fire av dei som tidlegare budde på Hareid har valt å flytte over fjorden.

Agata Furmanek og Martin Gården er to av dei.

– Vi har budd på Hareid sidan 2009, men vi har ei dotter som no er to år, og vi kunne ikkje kombinere småbarnslivet med pendlinga, forklarer Agata.

Dei bur no på Blindheim, der dei på fritida er volleyballtrenarar.

Nokre av mennene har leigt seg eit hus i Sykkylven, og bur der i lag i vekene. Det same har ekteparet Gunn og Jan Birger Sunde frå Eiksund gjort.

– Vi kom til at vi ikkje orka å stå opp klokka 05.00 kvar dag, og så ikkje kome heim att før klokka 18.00. Så no er vi heime i Eiksund berre i helgane, fortel Gunn Sunde.

No føler dei at dei kan leve eit normalt liv midt i veka. Med turgåing og sosiale aktivitetar.

Manglande overskot og lite tid til sosiale aktivitetar etter arbeidstid er eit gjennomgåande problem for mange av dei som pendlar til Sykkylven.

– Om kveldane prøver eg å vere i seng ca. klokka 21.30, og ringeklokka varslar meg klokka 04.30, for eg må både lufte hund og drikke kaffi før eg set meg på ferja. Då seier det seg nesten sjølv at eg er trøytt når eg kjem heim att til Hareid klokka 17.00, seier Sigrunn Andersen.

Håper å få arbeid på Hareidlandet

– Vi hadde vore glade viss vi slapp pendlinga, men vi er glade for at vi har arbeid, er signalet til Stein Rise, ein av mennene som pendlar til Sykkylven.

Også Ragnhild Apelseth understrekar at ho likar arbeidet sitt, men ho legg ikkje skjul på at ho helst vil sleppe pendlinga.

– Eg ser meg heile tida om etter ein ny jobb nærare Ulsteinvik. Eg har lagt inn ein generell søknad om stillingar innan omsorg i Ulsteinvik, Hareid, Volda og Ørsta. Hittil har det resultert i berre eitt tilbod, jobb kvar 3. helg og tilkallingsvikar i veka, og det er ikkje bra nok, slår ho fast.

Fleire av dei andre kvinnene fortel om det same. Kvinnearbeidsplassar på Hareidlandet byrjar å bli mangelvare. Ikkje minst for dei kvinnene som har bikka 50 år.

Januar, februar og mars har vore mørke og tøffe dagar for pendlarane til Sykkylven. No har dagane blitt lysare, og det gjer arbeidsreisa litt lettare.

Komne om bord i ferja på Magerholm sit alle i bilane. Ferjeturen er kort, og det gjeld å vere parat når ferja klappar til land på Aure. Då er det å spidde opp så mykje dei kan innafor det lovlege. Og komne fram til fabrikken på Aure er det å spurte over parkeringsplassen og opp trappene til stemplingsmaskinen.

– Eg klarer neppe dette livet til eg blir 67, kommenterer ei av kvinnene.