Ifølgje rapporten veit ikkje bedrifta «kor mykje dei kvart år slepp ut til sjøen av plastikkarmering, partikulært materiale, bly, kadmium, nikkel, krom og kvikksølv.»

–Vi arbeider heile tida med å gjere ting betre og må bruke denne rapporten i vidare forbetringsarbeid, seier konsernsjef i Ulstein Betongindustri, Vidar Moldskred.

Utslepp til sjøen

Inspeksjonen i starten av april var oppfølging av eit tidlegare tilsyn.

–Vi er opptekne av marin forsøpling, og i betongindustrien vert det brukt plast som blir til mikroplast i havet, seier senioringeniør Reidun Sofe Schei i Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen.

Inspeksjonen hos Ulstein Betong er del av ei landsomfattande satsing. Berre her i fylket har atten betongbedrifter fått besøk av folka frå fylkesmannen.

–Dei fleste bedriftene har fått påpeikt avvik, fortel Schei. Ho seier at avvika hos Haddal-bedrifta er slike som er moglege å rette opp.

Plastarmering

Det er betongen med plastamering som er problemet. Armeringa er fem centimeter lange og ein millimeter tjukke plasttrådar, og det er når betongbilane vert vaska at slammet hamnar i sjøen.

Senioringeniør Reidun Sofie Schei er tydeleg på at Ulstein Betong må få eit system for å hindre at vaskevatnet renn ut i sjøen:

–Dette skal ikkje sleppast direkte ut i sjøen, for sement kan innehalde små mengder tungmetall, seier ho.

–Vi vil rette oss etter lova og rette opp det som er nødvendig. Plastarmering har vi bestemt oss for å slutte å bruke inntil vaskeanlegget er på plass, fortel Vidar Moldskred.

Då Vikebladet/Vestposten var på besøk i Haddalura før helga, var bedrifta snart ferdig med å bygge eit mellombels oppsamlingsbasseng. Der skal vatnet heretter samlast opp for sedimentering.

Fast løysing

På lenger sikt skal det byggast eit såkalla sedimentasjonsbasseng som permanent løysing, der vaskevatnet også skal resirkulerast.

–Vi har vore på synfaring og henta inspirasjon hos ei betongbedrift i Sylteosen i Fræna, fortel personalsjef med HMS-ansvar, Eli Døving Oksavik.

Ho fortel at betongslammet frå det planlagte bassenget på Haddal kan brukast til jordforbetring, rett og slett ved å spreiast på markar.

Bassenget skal stå ferdig seinast 1. januar 2019.

Heller stål enn plast

I tillegg har bedrifta nesten ikkje selt betong med plastarmkering i år. I staden sel dei betong som har stålarmering.

–Det er meir miljøvenleg, og det er færre og færre kundar som spør etter betong med plast, seier Vidar Moldskred.

Han er klar over at ein del plast frå Ulstein Betongindustri har hamna i sjøen opp gjennom åra.

–Vi prøver heile tida å gjere ting betre og meir miljøvenleg, så vi tek innspela frå inspeksjonen svært alvorleg, seier Moldskred.

Ulstein Betong AS har no frist til 15. mai med å rette opp avvika som vart påviste under inspeksjonen.

Før helga var Ulstein Betong AS i sving med å lage det mellombelse bassenget. Litt lengre ut i sjøen kan ein skimte lensene som vart lagt ut for å fange opp eventuelt plastavfall. Foto: Linda Eikrem.
Her vert betongbilane spylte reine. Vatnet kan innehalde plastfiber og skal ikkje sleppast ut i sjøen. Foto: Linda Eikrem.