Laurdag kveld kjem nok mange til å benke seg framfor TV-skjermen for å sjå heile Norges talkshow-dronning Anne Lindmo og hennar show Lindmo. Der er ingen ringare enn vår eigen Karsten Warholm, Dimna IL-utøvar og eit av Norges store friidrettstalent, gjest.

Som NRK sjølv skriv i programomtalen:

"Vi skal også bli betre kjent med Karsten Warholm, eit av våre aller sterkaste friidrettshåp."

Til studio kjem også Linda Ervik, politikvinna som er fungerande leiar for Exit-gruppa i Hordaland politidistrikt. Ei spesialgruppe som jobbar med etterforsking av menneskehandelsaker.

I tillegg kjem Eurovision Song Contest-deltakarane til Norge, Jowst, på besøk. Også Karl Ove Knausgård er med i kveldens show.

- Nydeleg programleiar

Til Vikebladet Vestposten fortel Karsten Warholm at det var ein veldig hyggeleg prat med Anne Lindmo.

- Praten går litt kring min kvardag, og vegen er har tatt for å kome dit eg er no. I tillegg kjem trenaren min Leif Olav Alnes dit. Det var ei kjempekjekk oppleving, og eg fekk møte mykje kjekke folk! Stemninga var på topp, og Anne var ein nydeleg programleiar, seier Warholm til Vikebladet Vestposten.

Lindmo går på NRK frå klokka 21.25 laurdag kveld.