Kvalen er busett på Hareid. Saman med sambuaren Kristian Skoge har ho to barn, Olai, snart 5, og Johanne som blir tre i august.

Ho har fagbrev som glasblåsar, og arbeidde tidlegare ved ein glasverkstad i Ålesund.

- Men vi var berre to i produksjonen, og når eg måtte vere heime med sjukt barn, stoppa alt opp. Eg valde derfor å slutte då eg gjekk ut i barselpermisjon med nummer to, fortel Caroline.

Ho trudde det skulle vere lett å få seg ein ny jobb på Hareidlandet, men tok feil.

- Dagen før barselpermisjonen var slutt, vart eg kontakta av Ole-Andre Smoge ved Ekornes. Eg troppa opp, og fekk jobben. Med ei arbeidstid frå 07.10 til 15.30 heime på Hareid var eg sjeleglad. Eg kom til ein god arbeidsplass med kjekke kollegaer, oppsummerer ho.

Men Caroline var ikkje så lenge i paradis.

Varselet om at fabrikken på Hareid skulle leggjast ned, var trist å få.

- Hadde eg sagt opp, ville eg ikkje fått arbeidsløysepengar, og eg ville tapt pensjonspoeng. Så det var berre å gi seg i kast med pendlinga.

Akkurat no er Caroline sjukmeld, men ho håper ho snart er i arbeid igjen.

- Olai og Johanne er i seng klokka 19.30. Eg smører niste til neste morgon kvar kveld, legg meg rundt klokka 22.00 og står opp att klokka 05.00. Då listar listar eg meg inn på badet, kler på meg, tek ein smoothie i handa og går ned på ferjekaia, viss det ikkje er mi veke til å køyre bilen. Det er mannen min som får arbeidet med å vekke borna og få dei i barnehagen. Det er også han som må hente dei etter arbeidstid, for eg er ikkje heime før barnehagen stengjer. Dette fører til at han må seie nei til all overtid på jobben sin, fortel Caroline.

Dersom ferjene går som dei skal, er ho heime klokka 17.15.

Olai er no så stor at han har sosiale aktivitetar på ettermiddagane. Det fører til endå mindre tid saman.

- Eg synest det er veldig trist at fabrikken på Hareid vart lagt ned, seier Caroline. Ho håper på å få seg ein jobb på Hareidlandet etter kvart.

Opp 04.30: Sigrunn Andersen jobbar med tilrettelegging hos Ekornes og står opp 04.30. Foto: Anne Gry Eilertsen.
Agata Furmanek og mannen Martin Gården jobbar begge ved Ekornes. Dei har budd på Hareid sidan 2009, men har no flytta til Blindheim. Dei har ei dotter på 2 år. Foto: Anne Gry Eilertsen.