Kommunen kan ikkje ta over det 10.000 kvadratmeter store Ekornes-bygget på Hareid, fortel Hareid-ordførar Anders Riise.

– Men viss nokon vil starte næringspark eller anna verksemd, er vi sjølvsagt interesserte i å komme i dialog med dei.

Stort tap

Riise forstår godt at det er travelt å pendle frå Hareidlandet til Sykkylven, og han slår fast at det var eit stort tap for kommunen at Ekornes la ned fabrikken på Hareid.

Ei anna bedrift, Vital Base, er nyst seld ut av kommunen, og seks av dei tilsette pendlar no til Sula. Dette gjer at det minkar på det som tradisjonelt blir kalla kvinnearbeidsplassar i kommunen.