I 2016 var det 102 elevar ved Møre barne- og ungdomsskule, som er ein privatskule i Myrvåg/Dragsund. I år er det 125 elevar ved skulen, og frå hausten av ser skuleleiinga føre seg eit elevtal på mellom 140 og 150 elevar.

- Det betyr at det i løpet av to år kan bli ein auke i elevtalet på 50 prosent, og det er svært gledeleg for skulen. Siste åra har det kome søknadar frå store delar av Søre Sunnmøre både til barnetrinnet ungdomstrinnet, fortel Arve Fiskerstrand, rektor ved Møre barne- og ungdomsskule.

Dei fleste har takka ja

Skulen har til no fått 38 søknadar for neste skuleår, og dei fleste har takka ja til skuleplass, fortel rektoren.

- Spesielt god søking er det til første trinn, med 15 søknadar, og til åttande trinn, med 14 søknadar. Elevane på skulen er om lag likt fordelt mellom barnetrinn og ungdomstrinn, og skulen siktar no mot å bli fulldelt, seier Fiskerstrand og legg til:

- Når det gjeld søknadsprosessen; legg inn søknad i god tid, så har ein eit reelt skuleval når den tid kjem.