Vitskap, primært naturvitskap, har i lang tid vore oppfatta på innbyrdes uforeinlege måtar. På den eine sida har folk betrakta naturvitskap, særleg fysikk og kjemi, som utvitydige døme på korleis ein er i stand til å nå fram til erkjenning av materien og universets løyndommar. Spør ein kvar sanninga er å finne, har svaret vore: gå til fysikk og kjemi. Mykje av grunnlaget for sivilisasjonen vår, følgjeleg òg velferda vi nyt godt av, kan vi takke fysikk- og kjemi-basert teknologi for.

På hi sida har vi i om lag 150 år hatt strid om Darwins evolusjonshypotese. Ei rekke fantasirike alternativ er blitt lanserte. Diskusjonar har vore heftige. Har ein funne eit eller anna problem hypotesen ikkje gir eit klart og eintydig svar på, høyrer ein triumf-ropa: Ikkje berre er hypotesen usann, det er også, og like klart, at ein annan idé, t.d. kreasjonisme, difor må vere sann. I seinare år har klimaspørsmålet fått folk frå konseptane. Standpunkt står mot kvarandre. Argumenta haglar. Finn ein noe som kan vere i strid med offisiell klimalære, er beviset klart: Den er feil, vi har rett.

Haldninga ser ut til å gripe om seg: Vitskap er eigenleg ikkje å stole på. Vitskapsfolk underslår sanning og mjøler slik si eiga kake. Det er «folk flest» som veit korleis ting er og bør vere. Men når det kjem til stykket, trur dei som hevdar slikt, at hentar ein berre opp glupskap frå folkedjupet, så vil vitskapleg erkjenning endeleg komme på skinnene att, etc.?

I dag ser vi t.d. vitskapsskepsis breie seg i USA. Opprøret mot den såkalla eliten gjeld ikkje berre sosialt og politisk, men i same omfang vitskap. Religiøse førestillingar, dels gammaltestamentlege, dels seigliva reminisensar av puritansk religiøs fanatisme, har i store krinsar større appell enn vitskap. Vitskapshat og atomteknologi går hand i hand. Frå statens side svarer ein på ideologisk-religiøs eldhug med å skjere ned satsing på ideologisk utilpassa vitskap. Like ille er det ikkje i Europa, i alle fall ikkje førebels.

Som generell regel gjeld følgjande: Til lægre kunnskapsnivået hos folk er, til lettare er det å nå ut med «fake news» og vitskapleg svindel. Og er folk ideologisk, t.d. gjennom religion, disponerte til å fatte tillit til visse førestillingar om korleis ting heng saman, har oppstått, etc., er det lettare å vinne fram hos desse med pseudo-vitskapleg tøv enn hos personar utan slik ideologisk ballast.

Vi skal ikkje gå langt attende i historia før vi støyter på ting som burde få folk til å tenke seg om. I Sovjet under Stalin kom ideologi til å overstyre naturvitskapane. Vitskapleg arbeid måtte samsvare med såkalla «naturdialektikk», som vi finn hos Engels og Plekhanov, seinare hos Lenin. Den mest kjende skandalen var i biologi, knytt til agronomen Trofim Lysenko. Ideane hans kvilde på avvising av moderne genetikk og kom til å ha katastrofale konsekvensar for sovjetisk jordbruk i snart 40 år. Først etter Stalins død vart det mogleg å vise at Lysenko var ein sjarlatan. At ideane hans skapte hungerkatastrofar, talde ikkje. Motsett galdt sovjetiske fysikarar. At desse var svært godt skolerte, vart brukt mot dei. Ein forbaud av politiske grunnar båe Einsteins relativitetsteoriar. Kvantemekanikken var, om mogleg, enda verre. Utvegen var å ta avstand frå slikt i all fysikkundervisning, også ved universiteta. Etterforsking vart sett i gang mot fysikklærarar ein mistenkte for å tru på sjarlatanar som Bohr, Heisenberg, von Weizsäcker, Schrödinger, etc.

At dette minte om absurd teater, ligg i følgjande: Frå 1946 sette Sovjet i gang eit atomvåpen-program. Moderne atomfysikk kviler på teoriane til dei fysikarane det vart forbode å nemne i undervisning. Men dei som var engasjerte i dette arbeidet, kunne fritt arbeide på basis av Einstein, Bohr, Heisenberg, etc. Stalin innsåg at skulle Sovjet ha atombomber, for ikkje å snakke om hydrogenbomber, kunne ein ikkje la seg stogge av politisk ideologi. Men forbodet mot å nemne slike teoriar i offentleg undervisning stod ved lag.

Kva kan vi lære av dette? Vitskapleg arbeid er, og må vere, normstyrd: Oppfyller ein som vitskapsutøvar ikkje eit ubetinga krav om sanning og ærlegdom, er ein normalt snøgt ute av biletet. Vitskaplege teoriar er prinsipielt feilbarlege (som ikkje tyder at den eine er like god som den hin). Difor er evna og viljen til kritikk og sjølvkritikk i vitskapssamfunnet nødvendig. Dette heng m.a. saman med at skal ein hypotese eller teori kunne reknas som vitskapleg, må den vere formulert slik at den samtidig angir kva data som vil svekke eller falsifisere den. Følgjeleg skal ein aldri leite etter data som stør hypotesen/teorien, men freiste utsette den for så harde testar som råd er. Står den seg mot dette, har ein grunn til – inntil vidare – å ha tillit til den.

For vitskapsmotstandarar er det omvendt: alt som stør antakingane deira, blir tatt mot med jubel. Alt som tel mot dei, blir avvist. Kven er villig til å gå ombord i eit fly konstruert på slike premissar?