– Det er kjekt å vite at andre har det godt, seier Kjetil Frøystadvåg Kvalsvik til Vikebladet Vestposten.

Vi møter årets russepresident ved Ulstein vidaregåande skule i storefri. På parkeringsplassen ved skulen ljomar det musikk frå dei svære anlegga i bagasjeromma på russebilane.

Torsdag gjekk på mange måtar startskotet for årets russefeiring, med russedåp på Overåsanden.

– Det var veldig kjekt, og ut ifrå det eg har fått høyre frå medrussen min gjekk det veldig fint med alle, seier Kvalsvik.

Fokus på tryggleik

Det slår aldri feil. Kvart år, ikkje så lenge før russefeiringa skal til å byrje, går debatten i norsk media. Spørsmålet om russefeiringa skal avskaffast går ofte igjen. Argumenta varierer frå mengda av bråk og fyll blant russen til effekten feiringa kan få på karakterane.

Ved Ulstein vidaregåande skule har russen i år ekstra fokus på tryggleik og god oppførsel.

– Det er ikkje dermed sagt at russen i føregåande år ikkje har oppført seg bra. Men vi dreg nytte av erfaringane frå tidlegare russefeiringar, og ønskjer å gjere det vi kan for at alle skal få ei god og trygg russefeiring. Samstundes skal vi oppføre oss i møte med andre, og nyte denne tida til det fulle, seier Kjetil Frøystadvåg Kvalsvik.

150 russ

Det er ikkje akkurat ein liten gjeng russ Kjetil har ansvar for. Men akkurat ansvaret trivast han altså godt med.

Det er også mange russebilar å telje i regionen for tida.

– Vi har 13–14 russebilar berre her på parkeringsplassen, og fleire som ikkje er her eller truleg ikkje er heilt klare. Det var veldig stilig då vi køyrde i kortesje mot russedåpen på Overåsanden torsdag kveld, seier Kvalsvik.

Det er også mange andre arrangement som ventar.

– Natt til 1. mai blir det samling i Eiksund, med grilling og sosialt lag. Der blir det også kåring av beste russebil og musikkanlegg. Så skal vi ha rebusløp rundt om i Ulsteinvik, og turneringar. Vi prøvar så godt vi kan å finne på kjekke ting å gjere saman.

Då står det berre att å ønskje russen lukke til med feiringa!

Desse russejentene er klare for litt over to veker med russefeiring. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.