Skuta bikka sidelengs, og eg kunne høyre boksmaten lette frå sine skott. Vatnet rann inn gjennom ventilane på dekk, og det var intenst å halde skuta på rett kurs. Vi var midt i Monapassasjen og på veg mot nytt land. Mannskapet folda hendene og eg sikta inn i nattemørket.

Livet på Tobago

Etter å ha kryssa over Atlanteren frå Afrika var det på tide å la beina nytte landjorda.

Nebukadnesar blei lagt på svai ved bukta Mt. Irvine sørvest på Tobago. Her låg vi perfekt for å nyte høgrebølga som raste forbi. Med ein kjapp padletur på surfebrettet, kunne ein nyte bølger i verdsklasse. Eg gjekk fort inn i ein rytme med morgensurf, nysteikt brød til frukost akkompagnert av ein solid kopp kaffi, siesta i hengekøya eller ein ekskursjon på land før ein tok ei ny økt i vatnet. I kveldinga fyrte vi opp bål på stranda og naut lokale delikatesser frå havet. Dei lokale og andre tilreisande var lett å kome i kontakt med, så det blei ofte sosialt liv inn i dei seine nattestimane.

Tobago er ei svært vakker øy. Buktene er nydelege, med strender og palmetre i alle retningar. Over strendene stig fjellsidene bratt oppover med ein frodig fauna. Surfinga er overlegen, folket er utruleg hyggelege, og matopplevingane frå havet står i kø. Formelt sett er fasilitetane for immigrasjon, toll, vatn, diesel og butikkar tidkrevjande, så ein må ofte bruke ein solid mengde med tid for å få ting gjort. Heldigvis har eg plenti med tid, og stressar lite med det lave tempoet.

På søndagane er det vanleg å gå på Sunday School. Det er alt anna enn det eg forbind med ordet heime. Kvelden startar roleg med ståltrommer og gambling for å så fortsette ut i dei seine nattestimar med reggaton, reggae, og salsa. Den gemeine hop fyrer opp lokalt gras langs heile linja. I tillegg er det utruleg mange personlegdommar som sviv rundt. Alle er med på dansen, frå gamle til unge, og stemninga er svært god. Vi nyt rytmen og showet som går føre seg, og dansar oss til senga lokkar.

Etter ei god stund på øya med full skute, solid surf og litt småfiks, var vi klare for å sikte vidare mot Grenada.

Silkeseglas til Grenada

Vi la ut frå Tobago med tre solide tut frå hornet. Sola gjekk ned medan vi glei inn i solnedgangen.

Farta var god og vi hadde fulle segl. Lanterne på skuta var slått av då det er tilfelle av piratverksemd i området. Eg tenkte det var lurt å halde oss skjult for det blåtte auget. Ved nærmare opplysing til mannskapet gjekk nattevaktene utan problem. Ingen sak å halde seg vaken når ein speidar etter piratar.

Framme på Grenada ankra vi opp i Prickley Bay, ei vakker bukt med gode ankringsforhold. Her møtte vi på den store horde av båtar i Karibia. Mellom Las Palmas og Tobago har vi stor sett vore på lokasjonar der få andre slepp ankeret, men no blei det ei anna sak. Her låg det minst hundre båtar på svai med kort avstand mellom kvarandre.

Dykking med hai

Carriacou er ei øy med rolegare stil. Det er lite mas og bedaglig kvardag i mellom ei fåtal av lokale innbyggjarar. Vi ankra opp i Tyrell Bay med kort avstand til eit PADI-dykkesenter, og fekk ila opphaldet gjennomført to dykk med dei. Sikta var på 50m og sjølivet florerte. Skater, rokker, hummar, lionfish, barrakuda, hai og svære ålar dekorerte turen. Å vere på kloss hold til alle desse skapningane var flott. Ålen (Green Moray) var på størrelse med eit hestehovud og glefsa mot oss.

Det var ein skrekkblanda fryd av den beste sorten. Haien (nurse shark) låg stille og kvilte under ein steinformasjon så ingen stor skrekk der. Hummarane slost og sprang under oss medan skatene flaug majestetisk forbi. Min beste dykkeopplevelse i livet så langt!

Tobago Cays

Eit paradis på jord! Her på Tobago Cays ligg ei lita ansamling av frodige øyer omgitt med turkisblått hav. På reva rundt finn du mengder av eksotiske fiskar. Ved grasslettene under vatn beitar det hundretals av skjelpadder. På land kan du sette opp ei hengekøye og bestille fersk hummar frå grillen, så er det ein god plass å vere om du likar livet.

Når ein er på segltur eit heilt år skulle ein tru at ein har all verda med tid. Det viser seg at ein må prioritere kva ein vil sjå og oppleve. Difor får nokon destinasjonar ein kort visitt medan andre får seg eit lengre besøk av mannskapet på Nebukadensar. Vi jobba oss nordover mot Dominica for å få ei heil veke i det omtalte, naturskjønne riket.

Karibiske segleforhold

I le av øyane har ein roleg sjø og roleg vind, medan mellom øyene kjem Atlanterhavet inn med sine dønningar og sterke vind. Med den bakgrunnen kan ein ligge på rom slør med 5 ms og ein halv meter bølger på ei vakt, og 15 ms og fire meter høge bølger på den neste. Skuta trivst i alle forhold, men mannskapet har sine preferansar. Så av og til må vaktplanen skrinleggast til fordel for mannskapet sitt fryktnivå. Når vi seglar inn i solnedgangen på rom slør, er seglelivet på sitt beste.

Når vi må krysse gjennom svære dønningar i motvind, er det litt meir jobb. Heldigvis er det varmt i både lufta og sjøen, så ein kjem langt med shorts og singlet til alle tidene av døgnet.

Dominica

Etter langt om lengre, men ikkje lengre enn langt, stod vi med beina planta på øya. Ankeret sat som støypt ved Portsmouth, og veka som stod framføre oss skulle fyllast opp med hygge.

Det er framleis rart å ha fridomen til bestemme seg for kva ein skal bruke dagane på. Luksusproblem dukkar opp på rekke og rad. Skal ein lokalisere surf, skal ein ta eit dykk, skal ein bestige eit fjell, skal ein bade i den høgaste eller breiaste fossen eller skal ein berre la livet gli forsiktig medan ein sippar i seg ein god kaffi på ei lokal sjappe. Slik er det på tur med Nebukadnesar på dei gode dagane. Dei dårlege dagane ligg stadig i undertal, og vi prøvar å halde det slik.

Karnevalopning

Etter å ha klarert inn i landet (Dominica), fekk vi anledning til å beskue opninga av karnevalsesongen. Det var ein festleg framferd som sette heile bygda i sving. Det var kostyme, trommer, dekorerte bilar og mengder med utstillingsdokker frå dei lokale bygdesamfunna.

Musikken dundra hardt utover heile staden, og leskevarene blei servert frå kvart eit gatehjørne.

Høgtalarane står ein anna veg enn heime i Noreg og er alltid retta ut mot gata. Difor manglar det ikkje på trøkk i øyregangane. Vi hygga oss fælt i Portsmouth, og møtte båtar frå alle verdas land og preika i veg. Dei lokale var også pratesalige, dog helst over eit slag domino.

Waitukubuli National Trail

Gjennom Dominica er det eit nasjonalt stinettverk med namnet Waitukubuli National Trail som går frå sør til nord. Dette strekket er delt opp i ulike etappar. Vi fann etappe nr. 12 mest spennande, og tok den i motsett retting av normalt for å kunne syn utover ankringsbukta på vegen tilbake. Stien tok oss opp bratte jungelskråningar og ned i djupe dalar mellom lokale bønder og fruktåkrar. Det var fint å bevege seg litt meir enn vanleg å kjenne at kondisjonen ikkje var totalt herpa. Etter ein heil dag i fjellet var det fint å skylje av seg sveitta i det store asurblå havet.

Avreise frå Dominica

Før avreise frå Dominica var det på tide å stelle skuta. Snart skulle tre nye mønstre på og det er då ønskeleg at ting er på stell. Så eg tok ein dag for å stelle heimen. Dasspumpa blei bytta, doen blei mala, vassrøyra blei tetta, gjerdet festa, vindauga tetta, kjølsvinspumpa reparert, kjølsvinet tømt, ny hylle i akterlugaren, nytt usb punkt på lugaren, kaste unødvendigheiter og fylle på gass, bensin og vatn. Så var vi klar for å sikte nordover mot Puerto Rico. Dominica hadde vore eit natureventyr, og vi sette i veg med breie smil.

Gamlebyen er nydeleg og inneheld alt frå turistifiserte monument til hipsterhjørner med lokalt brygga øl på tapp. Det var lenge sidan vi har blitt servert noko anna enn lett pils, så å kunne nyte ein tendens av bryggekulturen heime, var fortreffeleg. Salsatonane svinga seg rundt dei fargerike gatehjørna og vi fann gleda på kreative utedestinasjonar med smakar frå alle verdas hjørner. Fleire bølger låg lett tilgjengeleg frå byen, og det var enkelt å få tak i nødvendigheiter til skuta ved havna.Vi rakk å hygge oss i høvelege mengder med storbyliv før nytt mannskapet var på plass.

Dragejakt

Vi hadde fått kitesurfarar om bord og jakta på høveleg spots var i gang. Det var på tide å lette anker frå San Juan. Vi segla først mot aust, runden sørover og inn til Bahia de Patillos. Her såg det lovandes ut for å heise drakane til det nye mannskapet. Det blei ein bra dag i vinden i vestenden av bukta. Kitane susa fram og tilbake på utsida av stranda. Hastigheita til kitesurfarane var høg og smila blant vindjegerane sat laust etter enda økt. Sørsida av Puerto Rico er omtalt som eit paradis for kitesporten. Vi jakta oss vestover og stoppa innom fleire egna bukter for aktiviteten.

Morildbukta

I mange av buktene er det overflod av algar og ved La Parguera fann vi fram til ei morildbukt utan sidestykke. Ferda med jolla blei opplyst av all morelden. Det lyste på alle kantar, og når vi hoppa i sjøen for eit bad, glinsa heile kroppen av morelden. Promping og tissing blei utprøvd, og resultatet var av underhaldande natur. Lysande bobler steig mot vassoverflata og lysande «lysrøyr» herja under vatn.

Monapassasjen

Det var på tide å sikte mot vest. Puerto Rico vart avslutta, og Den Dominikanske Republikk stod for tur. Med tre rev i storseglet og genoa godt rulla inn, heldt vi ni knop på skrått av bølgene. Det var god stemning over den raske farta og vi forventa at Samana skulle dukke fort opp i horisonten. Lite visste vi at det ikkje skulle bli det lettaste å få til. Vinden auka på og bølgene like så. Vêrmeldinga melde 12ms frå nordaust med 1-2 metersbølgjer. Det er ikkje alt for mykje for Nebukadnesar, men nok til å gi ein liten sjøsprøyt over dekk og fin fart i nordvestleg retning. Det ein oppdaga var at Atlanterhavet og det karibiske hav møtast i dette sundet. Resultatet er at bølgene og vinden ofte blir meir enn meldt. Den berykta passasjen ved namnet Mona skulle gi oss ei lekse i audmjukskap mot moder jord.

Mørkret fall på, bølgene steig og vinden auka. Vi var no nede i handukstørrelse på genoa og heldt 7 knop. Bølgene steig rett til vers og braut innover skuta. Det blei verre og verre å sjå når dei braut i nattemørket. Vi heldt siktet mot Samana, men måtte stadig oftare vende snuten sørvest i same retning som bølgene. Vi tapte høgde, men kjempa oss opp igjen mellom setta. Etter at svære dønningar slo skuta sidelengs i skummet og fylte cockpiten opp med vatn, begynte vi å tenke på å sikte mot sørsida av DDR i favør av vêret. Å sikte mot ei bølge på seks-sju meter er spennande, men når mannskapet blir skylt sidelengs på dekk, og sikkerheitslinene er det einaste som held oss om bord, så er konklusjonen ganske lett å ta. I det livbåten forsvann over bord, tok eg hintet. Når sjølv den finn det for godt å forlate skuta, så er det på tide å spele med på det vinnande laget.

Redningsflåten hadde på magisk vis løyst seg frå innbindinga, passert under jolla som låg over den, forbi surfebretta og over rekka, ein utruleg prestasjon!

På surf i sørvestleg retning mot sørspissen av den Dominikanske Republikk heldt vi ei toppfart på fjorten knop. Ein ny rekord for skuta! Handduken i front gav oss solid fart og i det natta steig mot dag fekk vi runden neset på sørsida av den Dominikanske Republikk for å kome i ly av dønningane.

Samana blei tapt til La Romana sin fordel. Her la vi til ved ei brygge for fyrste gong etter Europa og skulle sjekke inn i det nye landet. Vi var kome i land med solide blåmerke etter alle bølgeslaga om bord, og kunne notere ned ei erfaring rikare på havet.

Skip ohoi eg er ein sailorboy!

Karibia byr på gode tilhøve for snorkling og dykking og undervassopplevingane kan vere formidlable. Foto: Privat.
På oppdagingsferd langs elva. Foto: Privat.