Konkurransen, som gjekk i regi av WorldSkills Norway, gjekk ut på at ein skulle gjennom ein teoretisk test og praktiske testar innan motor, bremser, elektro, drivverk, dekk og felg. Det skriv Sunnmørsposten, som først skreiv om prestasjonen til John Henrik Kvalsund Paulsen, som til dagleg er elev ved linja for køyretøy ved Borgund vidaregåande skule. Han vann først fylkesfinalen, før det altså blei eit sølv i skule-NM.

- Eg er godt nøgd med eit sølv, men eg hadde verkeleg ikkje forventa det. Det å kome til landsfinalen var ein god prestasjon i seg sjølv, men at eg skulle få andreplassen var stort, seier Kvalsund Paulsen til Vikebladet Vestposten.

Nummer to av tolv

Totalt 12 bilmekanikarelevar deltok i landsfinalen, så prestasjonen til John Henrik må verkeleg ha imponert juryen.

- Dette er veldig inspirerande for meg. Det står mykje arbeid bak dette, og det har blitt nokre timar med øving, seier John Henrik Kvalsund Paulsen.

Etter sommaren byrjar han som lærling i bilmekanikarfaget hos G. Eilertsen på Hareid.

Arrangøren av skule-NM er som sagt WorldSkills Norway. Bak organisasjonen står NHO, LO, KS og ei rekkje fagforbund, opplæringskontor, skular og fylkeskommunar.

John Henrik Kvalsund Paulsen med medaljen rundt halsen. Foto: Worldskills Norway.