Politiet på Sunnmøre skreiv klokka 10.54 tysdag formiddag at det oppstod stor røyutvikling i ein einebustad i Ulstein. Naudetatane var raskt på veg til staden.

Politiet skreiv så rundt klokka 11.00 at brannvesenet og ambulansepersonell var på staden. Ein kunne då sjå kraftig røyk, og opne flammar.

Ifølgje Vikebladet Vestposten sin mann på staden var det forholdsvis kraftig røykutvikling, og ein såg flammene som slo gjennom taket på utsida av huset.

Einebustad på Skeide

Huset det er snakk om ligg like ovanfor Ulstein skule på Skeide.

Brannmannskapa var raskt i gang med å sløkke brannen.

Ifølgje politiet er to personar registrert på adressa. Begge kom seg ut. Den eine, ein eldre mann, fekk oksygen på staden, den andre personen var ikkje synleg skadd.

Ovanfor vår mann på staden bekrefta innsatsleiar at det ikkje skulle ha vore andre folk i huset.

Oppdatert 11:40: Det går etter forholda bra med personane som var i huset. Begge blir likevel for sikkerheits skuld frakta til sjukehus for observasjon.

Ser ut til å roe seg

Brannen ser ut til å roe seg noko, ifølgje vår journalist på staden. Det kom også nyleg ein tankbil frå Hareid. Det er tydeleg at det er sterk varme og taksteinen har sprukke med små smell i lengre tid.

Klokka 11:47 ser det ut til at brannvesenet har kontroll på brannen.

Starta i mopedbil

I samtale med operasjonsleiaren til politiet skal det ha kome fram at brannen skal ha starta i ein mopedbil som stod på lading. Det byrja truleg å brenne fordi batteriet på mopedbilen eksploderte.

Naboar fortel at huseigaren forsøkte å starte sløkking av brannen, men at han vart teken med vekk frå området.

- Det ser ut til å vere stabilt med personane som var i huset. Det er litt usikkert endå om dei har fått noko røykskadar, og av rutine blir dei lagt inn til observasjon på sjukehuset. Det ser likevel ut til å gå bra, og det er ikkje teikn på alvorlege personskader, fortel lege Eivind Garnes Sæter til Vikebladet Vestposten.

Vikebladet Vestposten kjem med meir.

Her ser ein korleis brannen har spreidd seg over eine husveggen. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.
Flammane slår gjennom taket på einebustaden på Skeide. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.
Her er brannmannskap i ferd med å bryte opp delar av taket for å kome betre til med sløkkinga. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.