Sist fredag såg ut til å verte ein heilt vanleg dag for sekstenåringen. Han stod opp, laga seg frukost og sette seg ned for å ete. Så kom to av dei tilsette på mottaket inn.

- Eg forstod ingen ting, fortel Ali.

Dei tilsette spurde kvifor han ikkje var på skule på Ressurssenteret. Sekstenåringen har ikkje orka å gå på skule sidan november i fjor, fordi han søv dårleg om nettene. Då dei tilsette fortalde at han har fått opphald i Noreg, kunne ikkje Ali fatte at det var sant.

Dei heile vert filma av ein av dei andre tilsette på mottaket. Videoen vart delt på Facebook av mottaksleiar Iselin Eliassen Aske.

Ho la ved følgjande tekst:

«Hei. Jeg har jobbet i mottak siden begynnelsen 2008. Jeg lar meg sjeldent sjokkere lenger, uansett hva og hvilken vei det snakkes for og mot. Uansett, jeg vil dele denne videoen med så mange som mulig.»

Innlegget har fått mange likarklikk og kommentarar.

Gledeleg

Aske meiner det var naturleg å filme det som skjedde:

-Det er lenge sidan vi har fått formidla ein så gledeleg beskjed.

Sist nokon ved mottaket fekk opphaldsløyve, var i fjor sommar.

Ein ny Ali

– No skal eg starte på skule igjen, med ny energi, fortel Ali då Vikebladet Vestposten møter han nokre dagar etter at han fekk den gledelege beskjeden. Då han kom til Hareid kunne han verken lese eller skrive.

No snakkar han svært godt norsk - ordforrådet er stort og setningsbygnaden nesten perfekt.

– Vi trur at Ali har ei ekstrem evne til å lære språk, seier Marianne Breivik, som er særkontakten hans på mottaket.

Framtida

Ali kom til Hareid i februar 2016. Då han var ni år gamal flykta han frå Afghanistan til Iran. Foreldra hans vart drepne då han var liten. No torer sekstenåringen å legge planar for framtida.

– Draumen min er å verte pilot, skodespelar, kickboksar, snookerspelar og å hjelpe asylsøkjarar, fortel han til Vikebladet/Vestposten.

Sjå video i toppen av denne saka. I avisa torsdag kan du lese eit lengre intervju med Ali.

Ali er seksten år gamal og frå Afghanistan Foto: Linda Eikrem
Ali Mirzaei og Marianne Breivik, som er særkontakten hans på mottaket på Hareid Foto: Linda Eikrem