Dette slo Willy Nesset fast ein gong for alle då han heldt foredrag om Polarstar-rehabiliteringa på Ishavsmuseet i Brandal 1. mai.

Og når det galdt å halde tidsfristen sa Nesset – med eit smil - at han frykta Riksantikvaren meir enn Gud.

Rett forstått: Det skulle ikkje stå på vêr og vilje. Då kunne det fort bli verre med Riksantikvaren sine detaljerte krav om tilbakeføring til 1960-70-åra.

- Men eg er rimeleg trygg på at det skal gå, sa Nesset, som er inne på oppløpssida med det fire år lange restaureringsprosjektet.

Foredraget hausta stor fagnad blant publikum.

FEIRING TRE DAGAR TIL ENDES

Denne siste helga i august skal elles feirast på det mektigaste vis – tre dagar til ende. Det startar fredagen – og så kjem Polarstar siglande i løpet av laurdagen. Ho blir sannsynlegvis liggande ved kai på Hareid gjennom vinteren – og så får det vise seg om museumsstyrar Webjørn Landmark greier å pønske ut noko i Brandal til neste sommar.

Det er eit mildt sagt imponerande prosjekt Willy Nesset har gått i bresjen for – og no ser enden av. Skuta var temmeleg nedsarva då ho la ut med dispensasjons-sertifikat frå kaiplassen i Hjørungavåg i 2013. Etter litt proviantering på Hareid bar det sørover langs kysten i retning Polen med eit entusiastisk mannskap og Johan Veiseth som skipper.

STORARBEID AV DEI STORE

Nede i Polen starta arbeidet med å rive ut gamle rør, treverk, plater og tekniske og motordrivne installasjonar. Eit storarbeid av dei store.

I foredraget sitt brukte Willy Nesset mykje tid på å grunngi motivasjonen sin. Han hadde tidleg fått familieband til ishavsbygda, sjøfart generelt og ishavsfart spesielt. Tragedien då broren Evald omkom under eit arbeidsoppdrag på Hovland-fabrikken i 1967 synest å ha gjort banda endå sterkare – ettersom bygda hadde stilt opp med så mange gode hjelparar i den vonde tida.

Eit viktig namn å få med seg er Marek Wisniewski – ein svært dyktig polakk som jobba ved eit lokalt verft her på Sunnmøre og som Willy Nesset fekk overtala til å ta på seg arbeidsleiarjobben i Polarstar-restaureringa.

- Ein betre mann kunne eg ikkje ha fått. – Og så grundig: Marek fekk klar melding om å dokumentere rehabiliteringa med foto og film. Han sit no inne med over 30.000 foto frå prosessen.

Foredraget vart avrunda med ein bildeserie frå dei ulike roma og dekksområda. Det har blitt som på eit nybygg. Folk kan verkeleg sjå fram til å gå om bord i denne selfangaren, som var den første som vart bygd i stål.

Det er ikkje mindre enn fantastisk det arbeidet som har vore lagt ned - ikkje minst av Willy Nesset sjølv.