Under budsjettmøtet i desember 2016 vedtok Ulstein kommunestyre å løyve ein million kroner i 2017 til detaljprosjektering av ny brannstasjon, inkludert innhenting av anbodsprisar.

Planen vidare er å arbeide for å få kommunestyret til å løyve naudsynte midlar for bygging av ny stasjon i budsjett og økonomiplan for 2018 og 2019 slik at den nye brannstasjonen kan stå ferdig første halvår i 2019, skriv Ulstein kommune i brev til Arbeidstilsynet.

Men dette er ikkje eit godt nok svar, meiner Arbeidstilsynet. Dette er ikkje ein tidfesta handlingsplan for når hovudbrannsatsjonen skal vere ferdig. Dagens brannstasjon i Ulsteinvik er ikkje god nok. Og dei ber Ulstein kommune å oversende ein konkret og tidfesta handlingsplan som skal føre fram til ferdigstilling av den nye brannstasjonen.

Pålegg og tilfredsstillande arbeidslokale

Arbeidstilsynet pålegg Ulstein kommune å utarbeide tifesta planar og gjennomføre tiltak som sikrar at arbeidslokala ved Ulstein brann- og feiarvesen sin hovudbrannstasjon i Ulsteinvik blir utforma og inreia slik at dei einskilde arbeidsplassane, inkludert personalrom tilfredsstillar krava i forskrift om utforming og innretting av arbeidsplassar og arbeidslokale.

Fristen for å sende inn tidfesta handlingsplanar er sett til 1. juli 2017