For å ta det siste ført. Ifølgje forslaget frå namnenemnda skal namnet på idrettshallen, svømmeanlegget og biblioteket som er under bygging i Ulsteinvik sentrum vere Ulstein Arena.

Dette er eitt av nærare 30 namneforslag Ulstein kommune har publisert på sine nettsider. Desse forslaga skal no ut på høyring, og publikum har høve til å seie si meining fram til 10. juni.

Det er mellom anna lagt fram namneforslag til 20 kryss i Ulstein kommune. Og kvar ligg eigentleg Dimnakrysset? I forslaget til namnenemnda skal dette vere krysset mellom fylkesveg 61 og fylkesveg 26, i mange samanhengar kalla Hasundkrysset. Hasundkrysset ligg ikkje inne i namnenemnda sitt forslag. Krysset etter Hasund skule skal no heite Sundgotkrysset.

Det er også kome forslag om namn på seks turstiar. Sjå alle forslaga frå namnenemnda her.