– Eg synest det tener innbyggjarane i Ulstein og Hareid at dei samarbeider om ei felles kveldslegevakt, seier Michael Dahl ved Ulstein legesenter.

Han ser det som ein fordel at innbyggjarane i kommunane her slepp å dra inn til Volda om dei skal på legevakt mellom klokka tre på ettermiddagen og ti på kvelden. Han viser til den store jobbaktiviteten som er på verfta, Sunnmøre folkehøgskule og Høddvoll. – Etter mi meining er det ikkje smart å flytte kveldsvakta til Volda, seier Dahl og presiserer at han ikkje vil gjere noko med organiseringa av nattlegevakta i Volda.

Nyoppussa lokale

Han viser til at Ulstein legesenter har gode, moderne og funksjonelle lokale.

Dei nyoppussa lokala i Ulsteinvik fungerer veldig bra. Her kan ambulansen køyre rett inn til akuttmottaket, utan at pasienten må dragast inn gjennom venterom og andre legekontor. Her er også eit eige kontor for å ta imot pasientar på kveldstid og i helger.

Herøy og Sande kan også bli med

Dahl ser gjerne at kommunane Herøy og Sande også blir med i samarbeidet. Og han ser det som naturleg at legevaktkontoret er lokalisert i Ulsteinvik.

I ein del tilfelle må pasienten vidare til sjukehuset i Ålesund. Det gjeld øyre, nase, hals, nevrologi, barn som er sjuke og augesjukdomar. I desse tilfella meiner Dahl Ulsteinvik ligg meir «på vegen til Åse» enn til dømes Fosnavåg.

Førre veke signerte Ulstein legesenter ein ny kontrakt med huseigar om å vere der i 10 nye år.