–Ali er ein utruleg oppgåande og smart gut. Han lærer veldig raskt, seier Karen Longva Buset. Ho og mannen, Petter Buset, bestemte seg for å verte støttefamilie for den afghanske guten for eitt år sidan. Det har dei ikkje angra på.

Hjarte i sanden

Første møtet mellom familien Longva Buset og Ali var i mai i fjor. Karen, Petter og dei tre borna henta Ali på mottaket på Hareid.

–Eg hugsar at det var vanskeleg å kommunisere, Ali snakka lite norsk eller engelsk, fortel Karen. På Overåsanden teikna Ali eit hjarte i sanden og skreiv forbokstavane til alle i familien, også sin eigen. Over hjartet skreiv han «Family».

–Det var eigentleg full klaff med ein gong, seier Karen Longva Buset.

Ho og mannen hadde tenkt ei stund på å verte støttefamilie, men det var litt tilfeldig at det vart for ein gut frå mottaket på Hareid.

Støttefamilie

Etter det første møtet har Ali besøkt familien på Vartdal annakvar helg. Først berre på dagsturar, frå i fjor haust også på overnatting. Ali snakkar no svært godt norsk, med stort ordforråd og nesten perfekt setningsbygnad.

–Han har naturleg nok mykje å lære om norske skikkar. Og vi må vere rause og hugse på at han kjem frå nesten ingen ting og at han har hatt få omsorgspersonar i livet sitt, seier Buset.

Foreldra til Ali vart drepne då han var liten, og ein onkel tok over omsorga. Som niåring flykta han til Iran. Han kom til Noreg i desember 2015 og til Hareid i februar året etterpå.

Stor familie

På Vartdal har Ali fått tre «søsken»: Kaspar (11), Iver (7) og Ingeborg (5). I tillegg har borna sine besteforeldre og oldemødre trykt Ali sitt bryst. Frå dei vankar det mellom anna heimestrikka lestar, slik at han ikkje skal fryse på føtene.

Treng fleire støttefamiliar

Hareid mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar håper fleire vil gjere som familien Buset. Mottaket treng nemleg fleire støttefamiliar.

–Ja, vi vil gjerne ha fleire, seier mottaksleiar Iselin Eliassen Aske.

I dag har mottaket tre slike familiar, som tek seg av gutar på mottaket.

Aske meiner at dette passar for alle, fordi det skal vere eit lågersketilbod.

–Ungdomane på mottaket skal vere med støttefamilien på heilt kvardagslege gjeremål, seier ho. Ho nemner matlaging og fjelltur som døme. Ifølgje Aske er dette ei oppgåve som passar best for familiar med jamaldrande ungdomar eller for familiar med små born.

–Rett og slett fordi små born er nysgjerrige og leikne. Dei har også eit lettare språk, noko som kan ufarleggjere «bli kjent»-fasen veldig, seier ho.

Feiring

Ali vart filma då han fekk beskjed om at han har fått opphald i Noreg. Filmen, som også ligg på vikebladet.no, er sett av svært mange.

Etter at han fekk opphald, fortalde Ali til Vikebladet Vestposten at han nesten hadde gitt opp håpet om opphald, fordi han trudde mottaket på Hareid berre var for gutar som skulle sendast heim.

Han hadde ikkje feira på mottaket, fordi han følte det vart feil når dei andre bebuarane framleis ventar på svar på sin søknad om opphaldsløyve.

Men i helga vart det altså feiring på Vartdal. Ifølgje støttemor Karen Longva Buset vart det grillmat og kake i strålande fint maiver.

Ali fekk også god tid til å hoppe og tulle på trampolina saman med femåringen Ingeborg.

–Vi lærer alle utruleg mykje av å ha kontakt med Ali, seier Buset. Ho viser til at dei tre borna i familien får eit unikt innblikk i korleis det er å vere asylsøkjar.

Del av familien

Karen Longva Buset jobbar som avdelingsleiar i Medi 3, medan Petter er bonde på heiltid.

Ali har vorte ein naturleg del av familien: i jula kom sekstenåringen til Vartdal vesle julaftan og var der til første juledag.

Det neste på programmet er nasjonaldagen. Då skal Ali etter planen feire saman med støttefamilien sin på Vartdal.

Og så er han på jakt etter sommarjobb.

–Han vil ha jobb i ein butikk, seier Karen Longva Buset.