Det blir stadig meir vanleg at folk sender kvarandre pengar via mobiltelefonen. Det har vore fleire ulike løysingar, men i vinter vart Sparebanken Møre og over hundre bankar over heile landet med på Vipps-laget.

Og den 4. mai vart VippsGo lansert. Med denne tenesta vil lag, foreiningar, butikkar og bedrifter få moglegheit til å selje varer og tenester gjennom mobiltelefonen. Der butikkane er med på VIppsGo kan kundane betale med mobiltelefonen i staden for kontantar eller bankkort. Det er berre å passe på å ha pengar på konto, straum på telefonen og dekning på telefonen.

– Sjølv om me har hatt gode løysingar for kundane våre, har mange gitt uttrykk for at dei føretrekk éi løysing og éin leverandør. At norske bankar no har gått saman om dette vil gjere markanden meir oversiktleg både for betalar og mottakar, seier Nina Holm Sundgot, banksjef Sparebanken Møre Ulstein.