Vedtaket vart gjort mot røystene frå Venstre og Høgre, som meinte mest mogleg bør vere ope for innbyggarane. Ordførar Knut Erik Engh (Frp) la vekt på at kommunen no skal forhandle med leverandørane til prosjektet, som i utgangspunktet hadde ei kostnadsramma på 268 millionar kroner.  Dette er ikkje nok, og på formannskapsmøtet sa fleire at prosjektet truleg vil koste rundt 300 millionar kroner.

- Må unngå rykte

Pål Grødahl (V) var den første som tok ordet då saka skulle behandlast heilt til slutt i formannskapet måndag ettermiddag. Innstillinga til politikarane frå administrasjonen gjekk ut på å unnta heile saka offentleg innsyn.

- Eg synest mest mogleg må vere ope i denne saka, folk flest må få innsyn. Det går mange rykte om prosjektet, og vi som politikarar har eit ansvar for å informere, sa Grødahl.

Ordførar Knut Erik Engh sa at det ikkje er eit ønske frå hans side om å legge lok på saka, men at det er nødvendig.

- Det er ikkje noko vesentleg nytt i saka, totalramma er kjent, sa Engh, og viste til at Ulstein kommune no skal forhandle med leverandørane til Ulstein Arena.

- Ei heit potet

Tor Meinseth frå Høgre støtta Venstre i diskusjonen. Han la vekt på at saka er ei heit potet i Ulstein-samfunnet, og meinte at det difor ikkje er rett å halde alt hemmeleg.

Pål Grødahl foreslo at administrasjonen skulle ta saka tilbake og opne det som kan opnast til kommunestyret si behandling i neste veke.

- Folk må kunne engasjere seg og gå til politikarane med innspel. Viss saka vert lukka, er det ikkje demokrati, sa Grødahl.

Strategiske forhandlingar

Renate Rossi Kaldhol frå Arbeidarpartiet støtta forslaget om lukka dører, fordi det er snakk om strategiske forhandlingar mellom kommunen og leverandørane.

- Vi må ikkje øydelegge forhandlingsposisjonen vår,  sa ho.

Formannskapet vedtok til slutt å stenge dørene, mot røystene frå Høgre og Venstre.

Ulstein formannskap Foto: Linda Eikrem
Ulstein formannskap Foto: Linda Eikrem