Ordførar Knut Erik Engh og rådmann Verner Larsen
            (Foto: Linda Eikrem )

Ordførar Knut Erik Engh og rådmann Verner LarsenFoto: Linda Eikrem

Formannskapet i Ulstein:

Nei til sal av våpenkopiar

Det bør verte forbode å selje og reklamere for våpenkopiar på kommunal eigedom i Ulstein kommune, meiner formannskapet.

Saka var ei av få som førte til diskusjon rundt bordet då formannskapet hadde møte måndag.

Forslaget om forbod kom i utgangspunktet frå Arbeidarpartiet, som fekk støtte frå fleire av dei andre partia.

- Dette støttar eg 100 prosent, sa Lisa Mari Breivik Anderson frå Senterpartiet. Ho viste til at ho hadde sett eit stort telt i Lom der det var 18-årsgrense og sal av både våpenkopiar og utstyr til bruk av ulovlege rusmiddel.

Også Pål Grødahl frå Venstre stilte seg bak eit forbod.

-Ønskjer fridom

Ordførar Knut Erik Engh frå Framstegspartiet ville ikkje vere med på eit salsforbod.

-Vi er ikkje noko forbodsparti, folk flest må ha fridom til å velje sjølv, sa han. Engh viste også til at han hadde snakka med politiet, som sa at dei ikkje kjem til å handheve eit slikt forbod på eige initiativ.

- Vi kan ikkje forby alt vi ikkje likar, sa ordføraren.

Også Tor Meinseth frå Høgre gjekk imot forslaget, sjølv om han ikkje hadde fått snakka med resten av partigruppa. Han la vekt på at det kjem til å verte vanskeleg å handheve eit forbod.

Signal

Renate Rossi-Kaldhol frå Arbeidarpartiet meinte eit forbod var ein ok måte for kommunen å seie at slikt sal ikkje er greit. Ho fekk støtte frå Steinar Torvik, Kristeleg Folkeparti.

Dermed vart tilrådinga til kommunestyret vedteken med fem mot to røyster.

Her er avgjerda i formannskapet:

Tilråding frå Ulstein formannskap 15.05.2017: 1. Eit sals- og reklameforbod for mellom anna våpenkopiar, anna valdsrelatert utstyr, utstyr til bruk av ulovlege rusmiddel og effektar med tydelege legaliseringssymbol, vert innarbeidd i Ulstein kommune sitt reglement av 23.04.2015 for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik. 2. Ulstein kommunestyre godkjenner endringar i reglement for handel utanom fast utsalsstad. 3. Ulstein formannskap gjer vedtak om at utkastet til endringar i reglement for handel utanom fast utsalsstad vert lagt ut til offentleg ettersyn i tre veker før handsaming i kommunestyret. Handsaming: Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 5 mot 2 røyster.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: