Om du sjekka langtidsmeldinga førre veke for å sjå korleis vêret ville bli 17. mai, såg du at det var meldt regn denne store dagen. Vikebladet.no skreiv at det var 70-80 prosent sjanse for regn

Dei siste dagane har vêrmeldingane for 17. mai svinga mykje mellom sol og regn.

Men no ser det ut til at det blir fint vêr i morgon. Det er meldt nokre regndropar natt til onsdag, deretter blir det opplett og sol. Utpå ettermiddagen kjem gradestokken oppe i 15-16 gradar, så då er det kanskje mogleg å ete is utan å fryse på fingertuppane. På morgonen vil det blåse litt, men det roar seg fort utover dagen.

Det er berre å nyte dagen! Torsdag er det meldt regn.