Ulstein Venstre meiner saka om Ulstein Arena-prosjektet, slik den blei framlagd under formannskapsmøtet måndag, ikkje burde vore unntatt offentlegheit. I alle fall ikkje heile. Vikebladet Vestposten sin redaktør måtte gå frå møtet då saka skulle opp.

- Vi meiner dette var uheldig, og kjem til å klage inn vedtaket til fylkesmannen, for å finne ut om dette skjedde korrekt i forhold til norsk offentleglov, seier gruppeleiar i Ulstein Venstre, Pål Grødahl, til Vikebladet Vestposten.

Demokratisk prinsipp

For Venstre er demokratiske prinsipp i saka like viktige som det juridiske, fortel Grødahl.

- Vi snakkar om eit demokrati her. Befolkinga fortener å vite kva politikarane har gjort i løpet av perioden dei sit med makta. For oss i Venstre handlar det meir om dei demokratiske prinsippa, og at vi skal kunne halde ein god dialog med innbyggjarane i kommunen vår.

Han meiner at ein på generelt grunnlag bør dele opp sakene i forhold til kva som skal lukkast og kva som skal vere ope.

- Vi meiner at det er alvorleg at denne saka i sin heilskap er lukka. Det er mange enkeltheiter i dette prosjektet som burde vore ope for diskusjon, seier Grødahl til slutt.