På siste slag frå kyrkjeklokkene, eitt minutt over klokka 10 på sjølvaste nasjonaldagen, sette Hareid blandakor i gong ved bysta av Johan H. Grimstad. Dei frammøtte i det storslagne vêret kunne nyte flott korsong til minne om komponisten, politikaren, biletkunstnareb, lyrikaren, dirigenten, solisten, tekstforfattaren og arrangøren Johan H. Grimstad, som døydde for 11 år sidan.

Tale ved stortingsrepresentanten

Tradisjonen tru var det kransnedlegging ved minnesteinane ved Hareid kyrkje like etterpå, og i år var det ingen ringare enn stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) som heldt ein flott tale til minne om dei som ikkje kom heim igjen.

- I dag skal vi atter minnast og heidre sjøfolk og fiskarar som vart att der ute på havet, i kampen og kavet for mat på bordet og tak over hovudet for seg og sine nærmaste, sa Grimstad i talen sin.

- Noko av det finaste

Grimstad meiner at tradisjonen med å heidre dei som blei igjen på blåmyra er viktig.

- Dei vi heidrar gav sitt liv for oss. Gåva dei gav oss var fridomen. Det er vår plikt at vi sørgjer for at generasjonane som kjem etter oss får overta gåva i minst like god stand. Difor er denne tradisjonen noko av det finaste vi har knytt til feiringa av nasjonaldagen for landet vårt. Lat deira offer for vår fridom aldri bli gløymd og la oss minnest dei med den største respekt i det vi lyser fred over deira minne, sa Grimstad avslutningsvis.

Etter at Hareid-speidarane hadde lagt ned kransane ved minnesteinane var det duka for gudsteneste i Hareid kyrkje.