I Hjørungavåg har dei mykje program når det er 17. mai. Dagen starta med salutt, deretter var det flaggheising.

Det har vore barnetog og barnetimen (der born frå skulen underheldt). Det har vore sal av middag, kaffi og kaker.

Så var det borgartog, leikar og fantetog.

Og no i ettermiddag er det folkefest på skulen med Hjørungavåg skulekorps, handskrive blad, song og mykje anna. Festtalar er Inga Ishild Hareide.