Eiksund er så heldige at Haddal skulekorps kjem kvart år til bygda og speler feiande flott korpsmusikk til toget som slynger seg mellom bygda. I år gjekk toget frå samlingshuset, ei runde rundt Havåg og tilbake igjen.

Då toget kom vel fram til samlingshuset igjen var det allsong av "Ja, vi elsker".

Deretter var det leikar på plassen. Bilane vart bedne om å stå oppe med skulen, så det vart ein fin tumleplass utanfor samlingshuset. Her var styltar, lengdehopp, kaste på røyt og sekkeløp.

Det var sal av brennsnut, kaker, kaffi, is og pølser.

På festen fortalde Lene og Øyvind Havåg om prosjektet sitt med å berre ete norsk mat eit år. Rak Marie Hatløy Sætre var komen heim til Eiksund og song "Lets grow old together". Elise Sæter Hasund song "17. mai, er vi så glad i".

Førskuleborna sjarmerte publikum med "Tenk at no er dagen her" og "Fløy en liten blåfugl". Dei song sterkt og godt. Werner Røyseth spelte gitar til.

Festen vart avslutta med bordkonkurranse der det var om å kjenne igjen bilete frå bygda. Det er ikkje alltid så lett å kjenne att hushjørne og postkassestativ.