Med lensmann Odd Kulø i spissen, truleg for siste gong, gjekk 17. mai-toget i Ulsteinvik sentrum gjennom dei solfylte gatene i bygdebyen. Frå starten ved barne- og ungdomsskulen gjekk toget ned til Reiten, innover langs sjøgata og opp til omsorgsbustadane i Holsekerdalen og tilbake mot Vikemyra før ein avslutta ved Ulstein kyrkje.

Der vart Kulø heidra av 17. mai-komiteen i Ulsteinvik.

Tradisjonen tru stod også Ulstein mannskor for song ved dei to minnesmerka, der det i år var Hans-Ole Låbakk som stod for tale og kransing.

- Steinen bak meg er til minne om dei sambygdingane våre som miste livet under okkupasjonen, av ulike årsaker i sitt daglege arbeid eller i alliert teneste. Desse med mange fleire, som vart offer for dei grusomme krigshandlingane som raste i verda frå 1939 til 1945. Dei fekk ikkje nye godt av den kampen som vart kjempa for vår fred og fridom, men som vi i generasjonar har hausta godene av, i form av vårt levesett og demokrati. Vi må ikkje gløyme, som Joachim Rønneberg seier, fridom er ikkje gratis.

I Ulstein er vi representerte med over 70 nasjonar. Nokre er her frivillig, medan andre er her grunna urolegheiter i sine eigne heimland. Men så lenge dei bur her, permanent eller midlertidig, så er det våre sambygdingar. Vi må heller ikkje gløyme at vi som nasjon har ei historie der familiar og personar har lyte reise frå Noreg grunna økonomi og krig.

Kanskje kjem tittelen på boka "Stormen og lagunen" av Ragnar Ulstein til sin rett her i Ulstein i dag. Det stormar rundt oss i verda, og kanskje er Ulstein ei lagune i stormen. Med så mange nasjonalitetar samla frå ulike kulturar, og enkelte med opplevingar som vi ikkje kan forestille oss etter 70 år med fred, så er det viktig at vi går føre som gode eksempel på kva fridom og demokrati no betyr for oss. At vi viser toleranse og forståing, men at vi likevel på vårt vis inkluderer våre nye sambygdingar i våre tilkjempa verdiar, som likestilling, talefridom, frie val, og ikkje minst den dugnadånd som har vore med på å bygge  bygd og by i generasjonar.

At det er det vår nasjon er bygd på står på den solide grunnmuren som er sett ned av våre forfedre. Og det er denne muren vi skal bygge vår felles framtid på. Det nyttar ikkje å bygge vidare med sprekker i denne, men vi har alle eit ansvar for å halde den ved like og bygge vidare på den, sa Låbakk.

Sjå stor bileteserie frå toget gjennom Ulsteinvik og frå kransinga av minnesteinane ved Ulstein kyrkje i toppen av saka.