Noko mystisk flyt innover Osnessanden

Uvisst kva det er.
Nyhende

I kveld (torsdag) fekk Vikebladet Vestposten eit tips om at eit eller anna flyt innover til Osnessanden. Kunne det vere kloakk? Brynhild Ulstein meinte det i alle fall var noko ekkelt, og at det truleg ikkje var bra å bade i det.

Redaktør Linda Eikrem rykte ut, det gjorde også Øyvind Hov som er teknisk vakt i Ulstein kommune. Dei vart ikkje kloke på kva dette kan vere. Det er nokre porøse og mjuke bitar som driv i land på stranda.

Hov tok nokre prøver av det, og vil sende det inn til Kystlab i Myrvåg i morgon. Han lukta på det, men forstod ikkje kva det kan vere.

Er det nokon av lesarane våre som anar kva dette kan vere?