Det kjem fram i årsrapporten for den interkommunale barneverntenesta for Hareid, Ulstein, Ørsta og Volda. For Hareid mottok dei 63, Ulstein 66, Volda 64 og Ørsta 102 nye meldingar i 2016. Så å seie alle var av ein slik karakter at dei førte til undersøking.

Det vil seie at det var meldingar på 5,2 % av borna under 17 år i Hareid det kom melding om. I Ulstein var det 3,1 %. I Volda 3,3 % og i Ørsta 4,3 %.

I rapporten blir denne auken sett i ein mogleg samanheng med at etter barneverntenesta vart omorganisert, er samarbeidspartane etter kvart tryggare på samarbeidet med barneverntenesta.

I rapporten står det at barneverntenesta har brukt ein del tid på å reise rundt i kommunane å gjere seg kjent med skular, foreldre, barnehagar osb. Alle barnevernkonsulentane har fått tildelt faste skular og barnehagar som dei er kontaktperson for.

Slit framleis med å halde fristen

Hovudregelen er at barnevernet innan tre måndar etter melding er mottatt skal undersøke saka. Det er framleis ei utfordring å halde denne fristen, men i 2016 hadde dei færre fristbrot enn i 2015. I 2016 hadde dei eit samla fristbrot på 21,5 %. Dei har eit mål om å kome ytterlegare ned, men skal dei klare alle undersøkingar innan tre månader må dei ha personalressursar til det.

Forskjell på sakene

Nokre saker er meir omfattande enn andre, og krev meir tid. Så det er ikkje heilt samanliknbart.

- Vi erfarer at det å ha kontakt med familiar og barn i krise er utfordrande og lite eigna til "teljing". Kvar einskild sak er unik og krev ulik tilnærming. Vi møter for det meste folk i krise, og dei har krav på ei verdig handsaming, står det i rapporten.

Kven melder

Det er familiane sjølve som oftast melder frå til barnevernet. Det er også ein del skular som melder frå.

Dei siste åra har det vore ein markert auka i meldingar om vald og seksuelle overgrep mot born. Då må barnevernet gjerne melde frå til politiet, med påfølgande dommaravhøyr av borna og særs omfattande etterarbeid for barneverntenesta. Det er også ein del foreldre som kranglar om barnet skal bu hos mor eller far.

Det er også ein auke i meldingar om "asylbarn", der familiar eller einskilde ikkje har fått avklare om dei får bli landet eller ikkje, og dei er uroa for ei usikker framtid.

Fleire får hjelp i heimen

Barnevernet yter også ein del hjelp i heimen. I 2016 var det 219 born i dei fire kommunane som mottok hjelpetiltak i heimen. I 2015 var det 169, i 2014 var det 177.

Hjelpetiltaksteamet har i 2016 hatt ansvar for fleire situasjonar der ein har vurdert hasteplassering av born. Desse førte til friviljug hasteplassering av to born. I fleire av situasjonane har ein ved å samarbeide tett med familiane og å involvere nettverk unngått å måtte plassere barnet utanfor familien, står det i rapporten.

Barnevernet erfarer at dei gjennom gode hjelpetiltak i heimen kan avverje at barn må ut av heimen, og i større grad unngå hasteplasseringar. Erfaringa deira er at ein del foreldre treng styrking av foreldrekompetansen.