Politiet melder at det har vore ei trafikkulukke ved Eiksundbrua no like over klokka eitt. To personbilar og tre personar er involverte i ulukka. Naudetatane er på veg til staden.

Vegtrafikksentralen melder at det er redusert framkommelegheit på staden på grunn av ulukka.

I ei oppdatering frå politiet går det fram at det ser ut til å vere lettare skader på dei involverte personane, og at bilberging skal vere framme på staden innan kort tid. Det blir også meldt at det er grei flyt i trafikken på staden.

Politiet melder klokka 14:12 at det ikkje er snakk om personskade, og at ein straks er ferdig på staden. Det blir oppretta sak som følgje av ulukka, då politiet meiner det har vore brot på vegtrafikklova.