Etter vikebladet.no skreiv om dei mystiske klumpane som kom drivande i land på Osnessanden, har det hagla inn med teoriar om kva det er. Det er forslag om kvalspy, pimpstein, lavastein, bæsj og kvalkadaver.

Men det er ingen av delane, ifølgje dagleg leiar ved Runde miljøsenter. Etter tips frå lokalavisa stakk Nils Roar Hareide nedom sanden og henta med seg nokre prøver fredag morgon.

– Klumpane flyt i sjøvatn men søkk i ferskvatn. Det er ikkje korall eller stein, men eit organisk stoff. Og det luktar ikkje godt, seier Hareide. Verken han eller marinbiolog Roger Kvalsund har sett noko liknande før.

Hareide ber no folk sjekke strandsona for å finne ut om det finst slike klumpar også andre stader enn på Osnessanden.

Nils Roar Hareide veit heller ikkje kva det er. (arkivfoto)