Brandal Vel saknar redningsbøye

På Kvitneset.

I 2014 plasserte Brandal Vel ut to nye redningsbøyer på Kvitneset. Kvitneset er mykje i bruk, både av bygdefolk og andre besøkande, og vi ser på det som viktig at det er trygt å vere på Kvitneset. Berga kan vere glatte og båra stor. Er ulukka ute, kan redningsbøya vere svært avgjerande for å bli berga.

Dessverre opplever vi at spesielt den eine bøya vert herja med, og i løpet av siste månaden har den dessverre blitt fjerna frå berget. Vi håper dei som har lånt den kan levere den tilbake til oss no, slik vi får henge den på plass.


Til slutt ei lita bønn om at bøyene må få henge i fred, dei skal ikkje herjast med! Vi set pris på om foreldre også kan snakke med born og ungdommar, om viktigheita av redningsbøyene, og kvifor dei er der!


Annika Brandal

leiar, Brandal Vel

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: