Det vart stor glede i Haddal torsdag då det endeleg vart heisa på plass eit busskur nedanfor skulen.

Det har lenge vore eit sterkt ønske om busskur i Haddal. I vêr og vind har skuleborna stått ute og venta på bussen når dei skal heim etter skuletid, anten det har regna eller sludda. Når bussen kjem må dei stå parat ved vegen, elles mistar dei bussen og må vente lenge på neste.

Men i vår vart plassen til busskur laga til. Det vart laga til ein fin mur av naturstein. Og torsdag ettermiddag kom altså busskuret.

Busskuret er i glas, så dei ventande har godt utsyn til når bussen kjem. Og skuret har ein benk ein kan kvile seg på.