No kan elevane søkje ly i dette busskuret når dei ventar på bussen. Busskuret er i glas, så dei har godt utsyn til når bussen kjem. (Foto: Ingvild Aursøy Måseide)

No kan elevane søkje ly i dette busskuret når dei ventar på bussen. Busskuret er i glas, så dei har godt utsyn til når bussen kjem. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Busskuret er på plass

Omsider har elevane i Haddal fått busskur.

Det vart stor glede i Haddal torsdag då det endeleg vart heisa på plass eit busskur nedanfor skulen. 

Det har lenge vore eit sterkt ønske om busskur i Haddal. I vêr og vind har skuleborna stått ute og venta på bussen når dei skal heim etter skuletid, anten det har regna eller sludda. Når bussen kjem må dei stå parat ved vegen, elles mistar dei bussen og må vente lenge på neste.

Men i vår vart plassen til busskur laga til. Det vart laga til ein fin mur av naturstein. Og torsdag ettermiddag kom altså busskuret.

Busskuret er i glas, så dei ventande har godt utsyn til når bussen kjem. Og skuret har ein benk ein kan kvile seg på.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

NM: Hødd - Molde

Fredrik Aursnes:

- Godt å vere tilbake

Hareidsdølingen Fredrik Aursnes var sjølvskriven for Molde på Høddvoll, og var nesten litt letta over at det ikkje var han som blei matchvinnar.

Ole Gunnar Solskjær:

- Hødd høyrer ikkje heime i 2. divisjon

Solskjær hadde berre gode ord om innsatsen til Hødd mot hans Molde.

Hødd - Molde 1-2:

- Surt å tape slik

Bendik Rise stod for Hødd sitt mål, og kunne fort blitt matchvinnar mot Molde. Men Molde ville det annleis.

God tid – dårlege forhold

Jonas André Ose sprang inn til 31. beste tid i Norge på 100 meter så langt i år.

Årsrapporten for Ulstein kommune:

Klarte seg gjennom eit tøft år

Fleire av kommunestyrepolitikarane gav ros til administrasjonen for god styring gjennom eit utfordrande år i fjor.

På flyttefot:

Folk flyttar til Sjøsida

– Vi gler oss veldig. Dette blir spanande, seier drivarane av Folk Spiseri. Les om flyttinga og utvidinga av konseptet her.

Ulstein kommunestyre:

Lukka saka på nytt etter debatt

Saka om overskridingane på Ulstein Arena blei som venta lukka. Å gi ut ein sladda versjon av dokumentet blei også vurdert.

Dieselutslepp frå Kleven Verft

Gaffeltruck stakk hol på dieseltank.

6.-divisjon

Tap mot serieleiarane

Medan Hødd 3 vann borte.

X-BOW på både film og papir

30. mai kjem hundrelappen med Ulstein X-BOW på. Men, designen har inspirert andre før, mellom anna norsk film og russiske frimerke.

Reketrålaren Remøy i arrest i Murmansk:

Ni av 17 får reise heim

Torsdag får ni av mannskapet på reketrålaren byrje på heimreisa til Norge.

Katrine og Thale skal på talentsamling

I juni går dei årvisse regionale talentsamlingane av stabelen i Orkanger, der to jenter frå Hødd Handball er med.