Ulstein kommune har søkt Gjensidigestiftelsen om støtte, og fått tilsegn på inntil kr 165.600 til skilting og merking av turstiar i Ulstein kommune.

Kommunen må følgje standardmalar for skiltinga.

Frist for sluttrapportering er 30.11.2018. Dersom det ikkje er sendt inn rapport innan fristen blir tilsegnet trekt attende utan varsel.

Synfaring

Møre og Romsdal fylkeskommune og Gjensidigestiftelsen ønskjer å gjennomføre ei synfaring på dei ulike prosjekta. Dette for å sjå korleis kommunen ligg an i arbeidet. Deii vil ta kontakt med prosjekteigar på førehand av synfaringa dersom dette vert aktuelt.

Skriv Gjensidigestiftelsen og ønskjer Ulstein kommune lukke til med gjennomføringa av prosjektet.