Måndag i førre veke gjekk den årvisse filmgallaen av stabelen ved Ulstein vidaregåande skule. I år som i fjor var det bra nivå på dei ulike bidraga. Og på same måte som tidlegare blei eitt bidrag til den avsluttande filmgallaen valt ut frå kvar av klassene. Årets nominerte var klasse 2ST1 si tolking av "Abraham hogger ned Isak", 2ST2 med sin versjon av eventyret "Askeladden som deltok i styrkeduell med trollet", 2ST3 med det ein vri på det klassiske eventyret om "Reveenka", 2ID1 med "Smeden og bakeren", 2ID2 med si skildring av "Å drepe et barn" og nok ein versjon av "Reveenka", laga av 3TT1.

Galla og bobler i glaset

Filmframsyninga kunne sjølvsagt ikkje finne stad utan litt gallastemning i forkant. Elevane kunne både forsyne seg med litt sprudlande brus i glaset og sjokolade, før det var klart for premiere på dei nominerte filmane. Etter framsyningane var det klart for stemmegjeving og diskusjon mellom medlemmane i fagjuryen.

Vinnarane under årets filmgalla blei desse innslaga og skodespelarane:

Årets kvinnelege skodespelar: Hanna Ekrem Indregård (2ST1)

Årets mannlege skodespelar: Asbjørn Vattøy (2ST3)

Årets mest kreative film: "Reveenka" (2ST3)

Årets film kåra av elevane: "Reveenka" (2ST3)

Fagjuryen sin pris for beste regi og filmatiske verkemiddel: "Å drepe et barn" (2ID2)

Fagjuryen sin pris for beste film: "Abraham hogger ned Isak" (2ST1)

Slik som i alle filmkonkurransar kan det berre vere nokon av dei nominerte som står igjen som vinnarar, men for nokre bidrag frå alle nominerte! Underteikna vil eigentleg driste seg til å kalle alle for vinnarar, for det elevane på VG2 presenterte var det klasse over. I forkant av filmframsyningane var det raud laupar og litt twist og sprudlevatn å få. Så blei alle dei nominerte filmane, ein frå kvar klasse, vist. Elevane skulle så stemme fram årets kvinnelege og mannlege skodespelar, årets mest kreative film og årets film. Fagjuryen skulle også i sving, for å finne ut kven som fortente prisane for beste skodespelarprestasjon og årets fagjurypris for filmatiske verkemiddel.