Fredag 19. mai fekk Ulstein sokn besøk frå biskopen sin rådgjevar for undervisning og trusopplæring, Bente Wangensteen. Etter ein avsluttande samtale om planen med staben, overrekte ho biskopen sitt godkjenningsbevis til Ulstein sokn.

- Vi har ein plan! Trusopplæring er den opplæringa kyrkjelyden vil hjelpe foreldre og faddrane med etter dåpen, for at borna blir betre kjent med trua og fellesskapen dei er døypt inn i. Denne opplæringa inviterer Ulstein sokn alle døypte born mellom 0 og 18 år til, seier kyrkjeverje Christfried Kaul til Vikebladet Vestposten.

Med 21 ulike tiltak tilbyr soknet 283 timer med trusopplæring til alle døypte i løpet av 18 år.

Også barn som ikkje er døypte er velkomen til å delta.

Frå 2014 av fekk Ulstein sokn statstilskot til å drive trusopplæringsarbeid. Wendi Stråbø er tilsett som trusopplærar og ho sto sentralt i å utarbeide denne planen som Ulstein sokn no fekk godkjent.