Etter lokalavisa fekk kjennskap til at dei mystiske klumpande på Osnessanden truleg er kloakk, i følgje Nils Roar Hareide, og nyheita vart publisert på nettavisa vår, tok underteikna seg ein tur til Osnessanden.

Fleire barnefamiliar hadde tatt turen til den populære stranda i Ulstein. Nokre bygde sandslott, nokre vassa og ein gut bada. Dei kvite klumpane som fløyt i land torsdagskvelden er små, og ein del av dei hadde grave seg delvis ned i sanden. Men då lokalavisa fortalde dei at det truleg var kloakk frå kloakkreinseanlegget på Halsen, og at det var gått ut åtvaring mot å bade, kom dei seg opp av vatnet.

Sjekkar reinseanlegget

Anita Sundnes, som er kommunalsjef for teknisk i Ulstein kommune, har bede teknisk vakt sjekke opp om det kan kome frå reinseanlegget. Om det gjer det, må dei sjå om dei kan få retta opp i det.

Sanden er full av slike klumpar.