Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive om menneska bak Ulstein sitt unike baugdesign X-Bow, og at dei gler seg stort til dagen då designen blir å sjå på Norges Bank sine nye 100 kroner-setlar.

Sjå eiga sak: Saman har dei skapt historie

30. mai kjem dei nye 50-, 100-, 200-, 500- og 1000-kroner-setlane i omlaup. Det melder Norges Bank via sine nettsider.

Bak Gokstadskipet, eit vikingskip frå slutten av 800-talet, på Norges Bank sin nye 100-kroners setel, finn ein Ulstein sin ikoniske X-BOW-skipsbaug. Skrogforma har vore med på å revolusjonere korleis utviklar skip, slik dei innovative vikingane gjorde i si tid.

- Dette er ei stor ære for oss. Her ute på den yttarste nøgne ø har vi vore med på å utvikle den norske og internasjonale skipsindustrien, seier designteamet som står bak Ulstein X- BOW.På Ulstein Verft møtte Vikebladet Vestposten mannen som først fekk ideen om Ulstein X-BOW, Øyvind Gjerde Kamsvåg, og representantar frå både det første og det noverande designteamet som har hjelpt han å realisere Ulstein sitt særeigne skipsdesign.

Her er opphavsmann og designsjef Øyvind Gjerde Kamsvåg (midten) saman med representantar for både starten på X-Bow-eventyret og representantar for framtida til Ulstein Design & Solutions. Frå venstre ser ein Bjørnar Leonard Hatløy og Frode Are Sollid, og til høgre ser ein Ivan Schrooyen og Randi Anette Fikkan. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.