Begge er busette flyktningar. Simon Samuel frå Eritrea kom til Hareid i februar i fjor, Moustafa Abdulkader frå Syria kom i desember same år. No er dei godt i gang med norskopplæringa på Ressurssenteret.

– Eg trur det er viktig for oss som flyktningar å verte kjend med dei som bur her, seier Moustafa.

Mat frå fleire land

Fredag denne veka inviterer dei difor til internasjonal kafé på Hareid ungdomsskule. Dei to lovar mat frå Eritrea og Midt-Austen.

– Eritreisk mat er veldig sterk, vi brukar mykje chilipulver, kvitløk og vanleg løk, og svart pepar, fortel Simon, som er glad i å lage mat. Men han lovar at maten fredag skal vere tilpassa norske ganer.

Moustafa seier at maten i Midt-Austen ikkje er så veldig sterk, men kanskje litt feit.

– Og så trur eg vi kan love at det vert noko søtt til dessert, seier han.

Språkpraksis

Som ein del av norskopplæringa er begge ute i språkpraksis ein eller to dagar i veka: Simon hos kartavdelinga i Hareid kommune, Moustafa på Hareid ungdomsskule. Frå heimlandet har Simon ein bachelor i geografi og jobba der i samferdsels- og kommunikasjons-

departementet. Moustafa har utdanning innan økonomi og marknadsføring. Begge har funne seg godt til rette på Hareid.

– Det er kjekt her, sjølv om det er ein veldig liten plass. Det er ein fordel, fordi det er lettare å verte kjend med folk her enn i store byar, meiner Simon.

Vil til Geirangar

Under praten med lokalavisa kjem det fram at det ikkje berre er integrering som er målet med å arrangere internasjonal kafé.

– Vi er i gang med å spare pengar til busstur til Geiranger i sommar, fortel Moustafa.

Planen er ein dagstur, først med buss frå Hareid til Hellesylt, så ferje til Geiranger.

Målet er å fylle opp alle seta i bussen, og koordinator for introduksjonsprogrammet, Bjørg Vartdal Hareide, fortel at dei gjerne også vil ha med seg nordmenn på turen.

lærer norsk: Moustafa og Simon er busette flyktningar på Hareid. Bjørg Vartdal Hareide er koordinator for introduksjonsprogrammet i norsk på Ressurssenteret. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem