Søre Sunnmøre tingrett har dømt ein mann frå Ytre Søre Sunnmøre til  fengsel i 14 dagar, med ei prøvetid på to år. Han skal også betale ei bot på 10.000 kroner, og blir utan førarkort i tjue månader.

Promillekøyringa fann stad i desember i fjor, i Sande. Det viste seg også at bilen han høyrde ikkje var EU-godkjent. Han hadde unnlate å framstille bilen for pålagd kontroll.

Mannen har kom med ei atterhaldslaus tilståing i retten.