Det er spesielt ein artikkel om «ein sjøkaptein som rodde seg heilt opp på galleriet», som har sett sinna i kok. Fotbladet har fått mykje kritikk dei siste åra for usmaklege skildringar av enkelte personar, og tidlegare i år hadde Dagbladet fleire sider om fenomenet Fotbladet.

Det var Bente Elvebu som starta diskusjonen på Facebook, og ho fekk straks stor respons og mange sympatierklæringar. Elvebu understrekar at ho i utgangspunktet ikkje var tenkt at saka skulle inn i Vikebladet Vestposten, men mange oppmodingar gjer at ho har gått med på at lokalavisa får lage ein artikkel av diskusjonen på Facebook. Der skriv ho mellom anna:

«Eg finn det svært merkeleg at ikkje idrettslaget og redaksjonen i avisa tek bitte litt sjølvkritikk etter debatten i forkant, og etter oppslaget i Dagbladet. Eg hugsar før i tida, når pappa sat borti stolen sin og humra og til og med braut ut i høglydt latter. Då var det underfundige betraktningar om folk og fe», skriv Elvebu.

– Ein underleg oppblåst frå Leikong

Ho trekkjer fram to saker i årets utgåve av «Fotbladet» som spesielt ille. Det eine er eit dikt som er ein parallell til Terje Vigen, men som startar slik:

«Det bor ein underlig

oppblåst ein

der ute på Leikong.

Han prøver å gjere

Fotbladet mein

med sin penn men ei song.

Og stundom gnistrer hans

auger stygt

helst når Fotbladet kjem

og då er det få

som uten frykt kjem

Arnljot Grimstad nær»

Diktet har i alt tre vers, og Bente Elvebu reknar med at Arnljot Grimstad har rygg til å bere det.

– Men diktet ber så inderleg preg av barnsleg hemngjerrigheit, meiner ho.

– Eit skammeleg overtramp

Den andre saka ho har bite seg merke i, meiner ho er eit svært alvorleg overtramp. Det handlar om ein mann frå Hareid som for ei tid tilbake tok ordet frå galleriet under eit kommunestyremøte. Dette fordi han ville bere fram meininga si om barnevernet.

«Ein mann frå bygda, som i dette tilfelle kalla seg sjøkaptein rodde seg heilt inn på galleriet i kommunestyresalen i Hareid, og trudde at han var komen opp på brua på ein båt, og med ein slik tittel kunne ta kommandoen», står det blant anna i artikkelen, som blir avslutta på følgjande måte:

«Ein slik kaptein bør nok helst sitte å ro for seg sjølv, der båten er ei sandkasse».

– Sat nokon og lo av dette? Det undrar meg. Skammeleg, skriv Elvebu, som slår fast at ho no har kjøpt sitt siste «Fotbladet».

Støtteerklæringane på Facebook har vore mange. Blant kommentarane er desse:

– Var noko tamt ja. Forskjell på satirisk humor og massiv uthenging av enkeltpersonar.

– Idrettslaget bør heller få inntekt på andre ting enn Fotbladet.

– Heilt klart det kjedelegaste Fotbladet på lenge, og slikt må ungane våre gå rundt og selje.

– Totalt forkasteleg og usmakeleg av Fotbladet. Synes at ei offentleg unnskyldning er det minste dei bør gjere. Fy flate.

Fleire av dei som har ytra seg på Facebook meiner at nivået på skribentane i Fotbladet er for dårleg, og at dei bør bytast ut. Bladet var mykje betre før.

Heile Facebook-innlegget til Bente Elvebu står på Ventilen, siste side i dagens avis.

Svar frå leiaren i HIL

Vegard Gjerde er leiar i Hareid Idrettslag, og står oppført med namn på side 2 i Fotbladet.

Han seier til Vikebladet Vestposten at han ikkje visste at artikkelen om «mannen som rodde seg heilt opp på galleriet» hadde noko med ei barnevernssak å gjere.

- Viss nokon føler seg støytt, har eg ikkje problem med å beklage, kommenterer Gjerde.

- Men eg ser ikkje at vi har gjort den store flausa. Artikkelen kan like gjerne vere ein harselas over Hareid kommune som ikkje let mannen sleppe til med meininga si, og må ty til galleriet, legg han til.

Gjerde opplyser elles at ingen har klaga på årets utgåve av Fotbladet til han.

- For alvorleg til å harselere med

Det var Remi Stridh som tok ordet frå galleriet, og han har godkjent at Vikebladet Vestposten brukar namnet hans.

– Eg skjuler meg ikkje bak anonymitet, slik redaksjonen i Fotbladet gjer, seier han. Stridh meiner artikkelen er ufin, og at han er full av faktafeil. – Eg visste det ikkje var lov å ta ordet, men var komen til eit punkt der eg ville gjere det for å få fram at ein offentleg etat gjer lovbrot. Artikkelen vitnar om manglande forståing for samfunnets mekanismar, seier Stridh. Han trur skribenten må vere ein politikar som føler seg trakka på tærne. – Emnet er for alvorleg til å harselere med, tenk om det var dine born eller barneborn, legg han til.

Visste ikkje: Vegard Gjerde, leiar i Hareid IL visste ikkje at det var ei barnevernssak som var bakgrunnen for opptrinnet på galleriet. (Arkiv). Foto: J.Slattavik