I dag, tysdag, var det kranselag for Ulstein Arena. Det var hovudentreprenør PEAB og Ulstein eigedomsselskap KF som stod for dette.

Det var talar, pizza, brus og kake til alle arbeidarane på huset. Det var ikkje få.

Etterpå fekk pressa ei lita omvisning i det komande fleirbrukshuset. Her blir det idrettshall med plass til 350 tilskodarar på tribunen. Denne hallen går det an å dele i fire mindre hallar/baner.

Her blir symjeanlegg, med fleire basseng. Og badstu tilknytt garderobane.

Det blir bibliotek, klatrehall og kafé.

Det er framleis uvisst kva bygget vil koste kommunen. Dei har førebels ikkje kome til semje med entreprenørane, men tysdag verka det som det var ein god tone mellom partane.

Meir om kranselaget i papiravisa laurdag.