På grunn av sterkare nasjonale krav til legevakttenesta etter innføring av den nye akuttmedisinforskifta i 2015, ser kommunane på Søre Sunnmøre på korleis dei skal organisere legevakta framover. Dei har frist på seg til ny organisering mai 2018.

I utgreiingsprosjektet er kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta og Volda med. Vanylven trekte seg på grunn av for dårleg samferdsel til dei andre kommunane. Sidan prosjektet starta opp har Hornindal vedteke å slå seg saman med Volda, så dei kjem truleg med. Og Stranda har ytra at dei kanskje er med på samarbeidet, men dei er også opne for samarbeid med Ålesund.

Prosjektgruppa skal levere ein rapport om framtidig organisering 1. august i år. Dette skal presenterast for den administrative leiinga i kommunane. Det blir politisk handsaming i kommunane til hausten.

Tre modellar

Prosjektleiar Inger Lise Kaldhol har sendt brev til Helse Møre og Romsdal HF der ho orienterer om kor langt dei er komne i prosessen, og at dei ønskjer innspel til det dei har kome fram til no innan 16. juni.

Dei har greidd ut tre ulike modellar for organisering, med fordelar og ulemper med kvar modell. Organiseringa me har i dag vart tidleg forkasta. Dei såg at med dei nye krava vil ho vere for krevjande både med omsyn til økonomi og personell.

Modellen er tenkt brukt i tidsrommet kl. 15–22 på kvardagar og kl. 08–22 i helg og høgtider.

Hovudprinsippet er at ein går frå fire legar i heime-beredskap til to eller tre legar i aktiv vakt.

Modell A

I denne modellen ser dei føre seg at ein har to basar. Ein hovudbase med to legar (lokalisert same stad som nattlegevakta) + ein satellittbase med ein lege på andre sida av Eiksundsambandet.

Der det er to legar kan eine legen vere køyrelege, og dra på sjukebesøk i heile distriktet.

Her ser dei før seg at alle legane frå kommunane går turnus, der dei rullerer på alle tre typane vakter.

Modell B

Her er det ein hovudbase med to legar på jobb. Denne skal også ligge same stad som nattlegevakta.

Det skal alltid vere ein lege på basen og ein køyrelege som har ansvar for sjukebesøk i heile distriktet. Det kan bli aktuelt å setje inn meir personell i presstider i veka og/eller ved høgtider der legevakta blir mykje brukt.

Modell C

I denne modellen er det to distriktslegevakter, ei i indre og ei i ytre. Det er ein lege med hjelpepersonell og legevaktbil på jobb i kvart distrikt + ein lege som har bakvakt kvar stad. Her er det inga køyreordning.

Og nattlegevakta held fram akkurat som før i Volda.

Denne modellen var det så dårleg oppslutnad om i prosjektgruppa, at dei har ikkje greidd ut lokaliseringsspørsmålet i denne modellen, anna enn at der er eksisterande lokale dei kan nytte.

Volda, Furene, Myrvåg eller Ulsteinvik?

For kvar modell har dei greidd ut fordelar og ulemper med desse fire moglege legevaktbasane. Dei har rekna på kor langt det er til sjukehusa i Volda og Ålesund, og dei har sett på avstandar til innbyggjarane i kommunane.

Dei fleste pasientar som blir sendt vidare til sjukehus for augeblikkeleg hjelp, blir sendt til Volda. Det gjeld om lag 3100 pasientar i året.

Men nokre må vidare til Ålesund for å få akutt hjelp, som traume, øyre nase og hals, auge og born. Til saman gjeld dette rundt 300 i året.

Dei har rekna ut at 95 % av innbyggjarane vil nå legevaktbase i Volda innan 50 minutt og 99 % innan ein time. Om ein vel to basar, vil nesten alle innbyggjarane nå ein legevaktbase innan 30 minutt.

Prosjektleiar: Inger Lise Kaldhol skal leggje fram ein rapport med tilråding til modell.