Om det er varmen tysdag som har gjort Haddal Røssevoll ekstra irritabel i dag, veit vi ikkje. Mest truleg er det frustrasjon som har bygd seg opp over tid som har fått det til å koke over. I dag har ho lagt ut på Facebook fleire foto av SSR som kjem og tømer glasigloane som står på parkeringsplassen nedan for Melshorn Hotell.

- For all del. Eg klagar ikkje på SSR. Dei gjer ein god jobb, og dei både ryddar og kostar rundt igloane år dei er her, understrekar Haddal Røssevoll.

Det ho er irritert over, er dei som plasserer gjenstandar framfor glasigloane. Gjenstandar som verken får plass i igloane, eller høver inn saman med glas. Til dømes keramikk og glas.

I det siste har ei stor glasrute stått og lent seg inn til glasigloane. Haddal Røssevoll var spent på om SSR ville ta henne, men det gjorde dei ikkje då dei tømte igloane tysdag.

- Det respekterer eg. Men det eg lurer på er kven som har ansvaret for å få fjerna glasruta. Er det eg som eig eigedomen som glasigloane står på som har ansvaret for å få ruta fjerna? spør Haddal Røssevoll.

No vurderer ho seriøst å be SSR finne ein annan eigedom å sette igloane på.

- Eg er lei av desse respektlause tullingane som øydelegg for andre, varslar hotelleigaren på Hareid.