I august kjem ei gruppe utvekslingselevar frå heil everda til Noreg. Dei kjem for å gå på ein norsk skule og bli del av ein norsk familie i eitt år.

Om nokon av dei kjem til fylket vårt heng saman med om kor eventyrlystne og gjestfrie me er. Utvekslingsorganisasjonen Youth for Understanding (YFU) vil gjerne ha vertsfamiliar av alle slag. Det viktigaste er at familien har eit ønskje om å gje eleven eit godt år i Noreg.

– Målet er at eleven skal bli integrert i lokalsamfunnet og bruke fritida si som annan ungdom.  Det er ikkje meininga at familien må tilbringe all tida si med eleven, men eleven bør inkluderes i familieaktivitetetane, slik at han/ho kjenner seg som ein del av familien. Mange vertsfamiliar deler fine opplevelingar med elevane, og får eit spesielt år med mange hyggelege opplevingar, seier Ida Nyrud i YFU i ei pressemelding.

YFU er ein ideell organisasjon. Vertsfamiliane får ikkje pengar for å stille opp. Tanken er at dei får betalt i opplevingar.

Organisasjonen har god erfaring med at utvekslingselevar blir godt integrerte på små stader.