Jenny Helen Korsnes, fødd og oppvaksen i Hjørungavåg, vart så forarga då ho fekk vite at skulen skulle over til eit kvitt hamskifte, at ho oppretta Facebook-gruppa «Vi som vil ha Hjørungavåg skule GUL». Der har diskusjonen gått livleg, for og imot kvit skule.

Hareid kommune har fått midlar via den statlege Tiltakspakken, og kommunen har blant anna brukt midlar til å skifte bordkledning på skulen. Den nye bordkledninga hadde eit lyst grunningsstrøk frå produsenten, og då kledninga kom opp var det ein del som meinte det ville vere fint om skulen skifta farge frå gult til kvitt.

– Det har vore planar om å male skulen i fleire år, og gulmalinga var innkjøpt, fortel Jenny Helen Korsnes.

Ho er tilsett i avdelinga for kommunale bygg i Hareid kommune, og ifølgje Korsnes fekk dei som jobbar der ein fredag spørsmål frå leiinga om dei meinte skulen framleis skulle vere gul – og svaret var ja. Det same meinte FAU ved skulen.

Men måndagen etter kom det kontrabeskjed.

– Lærarane ved skulen delte fredag ut skjema til elevane, der dei skulle krysse av kva farge dei ønska, og fleirtalet ville ha kvit. Eg synest det er trist at alle bygg skal vere kvite i dag, og det er heller ikkje på pluss-sida når det gjeld vedlikehald, seier Korsnes, som meiner den gule skulen har vore eit signalbygg i Hjørungavåg.

– Enkelte har argumentert med at fargen ikkje er så viktig, at det er innhaldet som tel, men det er to ulike saker. Oppvekst tek seg flott av innhaldet, men eg meiner avdelinga for kommunale bygg må avgjere fargen på bygga. Særleg sidan gulmalinga alt var innkjøpt. Ho vedgår at fargeskiftet ikkje er noko stor sak, men står fast på at det likevel har noko med identiteten å gjere.

Gult er kult: meiner Jenny Korsnes. Ho er skuffa over at Hjørungavåg skule blir kvit. (Arivfoto). Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll