Norled meldte tysdag om planlagt verkstadopphald som gjorde at C-ruta blei innstilt, og at B-ruta fekk redusert kapasitet. Onsdag ettermiddag har det resultert, ifølgje fleire av bilistane som står i køa, i at det har vore mange attståande køyretøy per avgang.

Somme av bilistane har stått over éin til to avgangar.

Molde-supporterar på tur

Kapteinen om bord i Høgsfjord fortalde at hovudgrunnen til underkapasiteten i sambandet ikkje var at ei ferje mangla, men at det var mange tilreisande supporterar som skulle sjå cupkampen mellom Hødd og Molde onsdag kveld.

- Det er nok hovudgrunnen ja. Det i tillegg til at eine ferja er på planlagt verkstadopphald. Dette er langt i frå normalt trykk på ferjene, men vi gjer grep, som til dømes å setje opp ei ekstra rute utover kvelden, så dette vil nok normalisere seg etter kvart, seier kapteinen.

Klokka 18:10 meldte politiet at trafikklysa på Hareid ferjekai ikkje fungerer. Politiet hjelper til på kaia til elektrikar og entreprenør kjem til staden.