Førstkomande fredag er det duka for samarbeid mellom to av merkevarene i Hareid, nemleg Grim & Gryt og Sans Pub. Dei to aktørane har samarbeidd før, men då i mindre skala.

- Vi tek med oss det vi har av øl, og riggar oss til med eigen bar inne i lokalet, i tillegg til at Sans driv sin som vanleg, seier Øyvind Grimstad Gryt til Vikebladet Vestposten.

Lansering av nye øl-sortar

Grim & Gryt har etter kvart byrja å bli eit kjent namn blant både øl-kjennarar og andre, både lokalt og nasjonalt. Det er ikkje meir enn litt over eit år sidan duoen Andreas Grimstad og Øyvind Grimstad Gryt kunne hente heim den gjevaste tradisjonsølprisen i landet, for si 6060 lys Øl. Denne prisen blei delt ut av direktøren i Bryggeri- og drikkevareforeningen, Petter Nome, under Det Norske Måltid sitt arrangment i januar i fjor.

Les også: - Dette var rimeleg uverkeleg

Med seg til Sans Pub på fredag har Grim & Gryt, som også har utvida laget med Vegard Dimmen, ei rekkje typar øl og fat.

- Så kjem kveldens høgdepunkt, då vi skal lansere to nyheiter. Det blir stor stas, og eg veit, utan å røpe noko meir, at det er mange som gler seg til dette, seier Andreas Grimstad.

- Uformell samlingsstad

Grim & Gryt var faktisk inne på tanken om å leige lokalet som Sans Pub ved Johannes Røren driv i dag, men då dei tok kontakt med eigaren av bygget var kontrakten med dei noverandre drivarane allereie i orden.

- Vi ser at Sans har lukkast godt etter relanseringa, og tenkte at vi ville vere med på å skape liv igjen på Hareid. Difor takka vi ja når vi fekk invitasjonen frå Johannes, seier Andreas Grimstad.

- Ved å invitere Grim & Gryt til puben håpar vi at fleire får opp augene for kor viktig det er å ha ein uformell samlingsstad i bygda, seier Johannes Røren og legg til:

- Om det blir ein suksess så er dette ein fin måte å variere tilboda på her i puben.

Andreas Grimstad meiner det er veldig viktig å nytte tilbodet når ein først har det.

- Ønskjer ein å ha ein pub i nærområdet, eller eit lokalt forankra bryggeri, så må ein leggje att pengane der, slik at drifta går rundt, seier Grimstad.

- Vi har som mål å vere eit bryggeri for heile regionen, seier Øyvind Grimstad Gryt avslutningsvis.