For ei tid tilbake vart det montert ei flunkande ny klokke på klubbhuset til Hareid IL. Klokka lyser opp på veggen mot stadion, og blir brukt for til ei kvar tid å vise stillinga under fotballkampar.

Men der var eit stort aber med den nye klokka: der stod "hjemme" - og sjølvsagt "borte".

Dette likte leiaren i Hareid Målllag  og sikkert mange andre også - dårleg. Einar Måseide tok derfor kontakt med Hareid IL og uttrykte misnøyen sin, og etter kvart kom det Terje Karlsen Wiik for øyret at det på stadionuret helst skulle stått "heime" i staden for borte.

Terje Karlsen Wiik er kjend for å vere ein handlingens mann, og han tilbaud seg å bruke lifta til firmaet han driv, for å kome seg opp i høgda og endre "hjemme" til "heime", vederlagsfritt.

Og slik vart det. No er det heime- og bortekampar på Hareid stadion.

Leiar Vegard Gjerde i Hareid IL uttaler på Facebook at han takkar både Terje Karlsen Wiik, Einar Måseide og Harald Møller, som var mellommann i saka.

Og Terje Karlsen Wiik har kvittert med å svare:

- Ei sann glede å få stille opp for Hareid IL.

Terje Karlsen Wiik var også mannen som for nokre år sidan hengde opp nyinnkjøpte lys i juletregrana på rådhusplassen i Ulsteinvik.