(NPK-Kari Hamre) Norsk emigrasjon til USA på 1800-talet er kjent, men nordmenn drog også til Canada, Sør-Amerika, Karibia, Afrika, Asia, Oseania og Antarktis med von om å få eit betre liv.

Historikar og forfattar Fredrik Larsen Lund har i boka «Norske utposter. Nordmenn utenfor allfarvei» sett fokus på dei norske emigrantane som drog til andre stader i verda enn USA. Dei kom som eventyrarar, nybyggjarar, fangstmenn, soldatar i krig eller hamna ufrivillig på framand jord som forliste sjømenn eller tvangsarbeidarar. Larsen Lund har reist i fotefara deira og besøkt restar av norske busetjingar og miljø på utvalde utpostar på fem kontinent, og fortel fascinerande og ukjende historier om nordmenn under fjerne himmelstrok – frå 1600-talet fram til vår tid.

Kuriøse utpostar

Vi får mellom anna høyre om bergenske slavar i Karibia, fattigjenter på New Zealand, gullgravarar i Brasil, sunnmøringar i Boarkrigen og lykkejegerar i Shanghai.

– Eg synest det er spennande med nordmenn som har reist ut i verda. Alle kjenner til utvandringa til USA, og mange har framleis slektningar der eller har hatt det. Men det har vore lite merksemd rundt dei nordmennene som emigrerte til andre stader enn den amerikanske prærien. Denne flyttinga skjedde under den offisielle radaren og statistikken er derfor usikker, men det er snakk om mange tusen menneske. Eg er fascinert av dei som drog litt utanfor allfarveg og historiene deira fortener å bli betre kjende. Dei er små aktørar kvar for seg, men er like fullt ein del av verdshistoria. Eg ville derfor utforske nokre av kuriositetane i den norske utvandringshistoria ved å besøkje og skrive om det eg vil kalle «norske utpostar», seier Fredrik Larsen Lund.

Med det meiner han samfunn av nordmenn som har reist mot straumen, der utflytta norske kvinner og menn på eit eller anna tidspunkt har danna ei busetjing, eller der dei i ein periode har levd tett på kvarandre. Som nordmenn kunne dei ha eigne skular, kyrkjer, foreiningar og andre institusjonar. Det kan vere snakk om nokre hundre menneske til kvar stad, men utan påfyll frå Noreg har mange av samfunna smuldra opp etter nokre år eller vore mislykka allereie frå starten.

Håp om eit anna liv

– Eit fellestrekk for alle som reiste ut er at dei søkte noko nytt og betre enn det dei hadde i Noreg. Dei hadde alle eit håp om ei betre framtid. Men det er eit stort mangfald av motivasjon som ligg bak kvifor folk emigrerte. Det er ein myte å tru at alle norske emigrantar var fattige. Fleire var ressurssterke og hadde kapital. Til dømes høyrde fleire av dei som levde i storbyen Shanghai på 1920-talet til eliten i det norske samfunnet, og heldt fram med fest og glamour i Kina. Å reise frå Noreg trengde heller ikkje å innebere eit livslangt eksil. Mange drog heim att, ikkje minst sjøfolk, fortel Fredrik Larsen Lund.

Mislykka prosjekt

– Ein annan myte rundt utvandringa er at det blei ei reise til eit vellykka liv. Men det var mykje slit og også mange fiaskoar. Å etablere ein norsk koloni på Galápagos på 1920-talet er eit godt døme på noko som blei ein flopp, fortel Lund.

Å bruke straffedømde og fattige nordmenn og danskar som arbeidskraft på plantasjar i Karibia på 1600-talet var også eit mislykka prosjekt. Sjukdom, tropevarme og utmatting tok livet av dei fleste.

Sprik mellom draum og røyndom

At det var nordmenn som frivillig valde å reise til perifere stader på kloden på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, kan ein undre seg over. Men USA byrja etter ei tid å innføre restriksjonar på kor mange innvandrarar dei ville ta i mot. Då måtte ein sjå seg om etter andre stader å emigrere. At styresmakter i koloniane også gjorde framstøyt for å rekruttere nordmenn og andre europearar til å skape ei mest mogleg kvit befolkning, har også hatt noko å seie. Det var forlokkande å få gratis sjøreise og eiga landjord på gunstige vilkår, sjølv om den nye heimen låg ein stad ein knapt hadde høyrt om. Men det hende nok at den informasjonen ein fekk på førehand var litt vel roseraud og førte til at det vart eit sprik mellom forventing og realitet dit ein kom.

Stadig på flyttefot

– Det eksisterer framleis små norske miljø i andre verdsdelar, og det vert stadig danna nye. Nokre har historiske røter, andre kjem av nyare utviklingstrekk. Flyttinga frå Noreg til utlandet har på 2000-talet vore minst like høg i absolutte tal som under dei mest intense utvandringsperiodane på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet. Eg meiner det er grunn til å hevde at nordmenn framleis dannar små utpostar rundt om på kloden. Det skjer primært gjennom livsstils- og yrkesrelatert flytting. I hovudsak er det snakk om ein global elite av høgst mobile og ressurssterke folk som har eitt bein i Noreg og eitt i utlandet. Masseutvandringa er for lengst eit tilbakelagt stadium, men nordmenn er på reise- og flyttefot som aldri før, seier Fredrik Larsen Lund.

kari@npk.no

Ein norsk ekspedisjon framme i Post Office Bay på Galápagos i 1925. Her ville dei byggje og bu. Skipet deira ligg i bakgrunnen. Foto: Frå boka: Nordmanns-Forbundets fotosamling/ Stiftelsen Norsk Utvandrermuseum og Forskningssenter.